– Det har vore ein lang og tidvis krevjande prosess å få tak i faglærte servitørar.
Charlotte Ramsøy er dagleg leiar for restauranten Siderhuset Ola K på Nå i Hardanger. Der har dei brukt mykje tid på å få tak i nok folk til sommaren.
Det er spådd ein rekordsommar i Hardanger. Per no har restauranten nok tilsette til å få det til å rundt.
Eit godt kontaktnett i bransjen har skaffa dei faglærte kokkar, men utanom restaurantsjefen har dei har ikkje fått tak i faglærte servitørar.
I staden er det ungdommar med interesse for jobben som skal servere gjestene.
– Vi held oppe kvaliteten og det fungerer godt. Restaurantsjefen er ein god læremeister og ungdommane lærer fort, seier Ramsøy.
Dei er ikkje aleine i jakta på faglærte.
Nye tal frå NHO Reiseliv viser at 64 prosent av spurde medlemsbedrifter svarer at mangel på kvalifisert arbeidskraft er ei «stor utfordring».
– Situasjonen er utfordrande, men det er også rapportar om at fleire og fleire no løyser denne situasjonen, seier Ole Michael Bjørndal, fagdirektør for næringspolitikk i NHO Reiseliv.
Hardanger er spådd å få ein god sommarsesong.
Foto: Tale Hauso / NRK– Pandemien hovudårsaka
Ramsøy peiker på at mange serveringsstader no skal opp og gå igjen etter pandemien og mange vil ha tak i personale. Samtidig har mange funne nye yrkesvegar, trur ho.
– Det vil nok ta litt tid å få bygd opp igjen bransjen etter behovet som er. Samtidig ser vi i ein auke her i Hardanger med turisme og reiseliv, seier ho.
Også Bjørndal meiner to år med pandemi og redusert rekruttering er hovudårsaka til situasjonen reiselivet no er i. Samtidig er folk ivrige etter å reise, noko som gir stor etterspørsel.
Overbyr kvarandre
Ifølgje Dagens Næringsliv gjer mangelen på arbeidskraft i serveringsbransjen at mange verksemder no overbyr kvarandre i jakta på tilsette.
I Nordfjord er ikkje det tilfelle, der er det for få å ta av.
– Det som truar oss meir enn økonomi, er rekruttering, seier Espen Heia.
Han er medeigar og dagleg leiar i restauranten Aske på Nordfjordeid.
Dagleg leiar og medeigar Espen Heia jobbar sjølv på kjøkkenet på restauranten Aske på Nordfjordeid.
Foto: Benedikte Grov / NRKEtter to år med pandemi, stengingar og gjenopningar, er det glade dagar i restauranten.
Men å få tak i nok tilsette er ei stadig utfordring. Han og ein kollega jobbar på kjøkkenet, begge er kokkar.
– Vi har ein løpande prosess med å få tak i servitørar, men særleg på folk kjøkkenet. Vi har klart oss akkurat, men skulle gjerne hatt enda meir folk.
I år har dei vore heldige. Ein av servitørane er fagutdanna og har ti års erfaring.
– Det er sjeldan ein finn faglærte folk som søker, seier han.
Må løysast på kort og lang sikt
Utfordringane med rekruttering må løysast både på kort og lang sikt, meiner Bjørndal i NHO Reiseliv.
Han fortel at mange verksemder no prøver å rekruttere lokal arbeidskraft og nytilsette.
Det blir også jobba med å få ned saksbehandlingstida hos Utlendingsdirektoratet for å få inn arbeidar frå utlandet.
På lang sikt meiner han både utdanningstilboda, fagkunnskap hos lærarar og karriererettleiing er faktorar ein må sjå på for å auke rekrutteringa.
Ole Michael Bjørndal, fagdirektør næringspolitikk i NHO Reiseliv
Foto: Per Sollerman/NHOMå satse på utdanningsstadene
Charlotte Ramsøy i Siderhuset trur det kan vere ekstra utfordrande å finne faglærte til stader som deira restaurant, fordi dei ikkje tilbyr heilårsjobb.
Då er god lønn og moglegheiter til å utdanne og vidareutdanne seg er faktorar som kan bidra til å fart i rekrutteringa. I tillegg er Hardanger eit trekkplaster for dei som vil kombinere jobb og opplevingar, seier ho.
Siderhuset har sidan starten valt å ligge over tariff.
– Det er for å vere attraktive, og fordi dei tilsette gjer ein god jobb, seier Ramsøy.
Tilbake i restauranten på Nordfjordeid trur Espen Heia ein annan nøkkel til auka rekruttering er at bransjen sjølv kan bli flinkare til å snakke fram dei positive sidene ved yrket.
Han trur òg det må satsast på utdanningsstadene.
– Det er viktig å ha folk som kan vise engasjement rundt faget og få fram dei som verkeleg har lyst.