Slik lyder det i alle fall i reklamen frå Reisemål Sunnfjord. Kvar dag frå 1. juli til 14. august blir det guida turar til ulike lokale attraksjonar, og reinsdyr står på programmet 12. juli, fortel Tom Farsund i Reisemål Sunnfjord.
Kjentmann skal speide
Han har alliert seg med Arnfinn Ringstad, som er bonde på Kinna i Førde. Han er kjentmann i området og har sagt seg viljug til å speide etter reinen, gjerne ligge ute i fjellet eit par dagar. Når han gir klarsignal, blir turistane losa til området der reinen er, fortel Tom Farsund.
Reinsdyr som vart sett ut i Sunnfjord-fjella i fjor. Arkivfoto: Svein Ove Hansli NRK
Sette ut på 1960-talet
Reinsdyra vart sette ut i fjella i indre Sunnfjord på slutten av 1960-talet, og dei som går mykje i området møter av og til på dyra. I fjor vart det på ny sett ut rein i området.
45 attraksjonar
Reinsdyrsafari er altså ein av årets nykommarar på lista over 45 Sunnfjord-attraksjonar som ligg tilgjengelege på nettet. Dei fleste tilboda står lokale initiativtakarar bak, og Farsund seier det har vore lett å få folk i distriktet med på opplegget etter starten i fjor.
Reinsdyr under Fauskevarden i Førde april 2005 - foto: Steinar Lote