Hopp til innhold

Reiarlag får straff etter dødsulukke

Reiarlaget Sølvtrans AS har fått eit førelegg på 150.000 kroner etter ei dødsulukke om bord på ein brønnbåt i 2017, skriv avisa Sunnhordland. Den 54 år gamle Simon Bjarne Habbestad frå Bømlo omkom då ei bølgje slo han over bord. I ettertid fekk reiarlaget kritikk av Havarikommisjonen for prosedyrar for ferdsel på dekket i grov sjø. Dei fekk også kritikk for prosedyrar og øving med MOB-båt. Familien til fembarnsfaren Habbestad skriv i ei pressemelding at saka har vore ei stor belasting for dei. Reiarlaget Sølvtrans har vedteke førelegget. Dei har også betalt oppreising til dei pårørande, skriv Sunnhordland vidare.