Ein familie på fire miste i går nesten alt dei eigde då flammane slukte huset deira i sentrum av Svelgen. Men det kunne gått langt verre, og fleire heimar kunne gått tapt.
– Det var ekstreme vindkast då det tok til å brenne i går. Vi var redd for at den skulle spreie seg, men heldigvis vart vi bønnhøyrt og fekk kraftig regn, seier lensmann i Bremanger, Hans Rune Strandos.
- Les òg:
Tekne hand om av familie
Likevel gjekk huset som brann tapt. Den eine personen som var i huset fekk redda ut nokre personlege gjenstandar, men utover det er alt vekke. No vert dei godt tekne vare på av næraste familie og vener, ifølgje lensmannen.
– Bygda og kommunen har veldig god tradisjon for det å ta hand om folk som har det vanskeleg. Eg er heilt sikker på at dei vil få ein erstatningsbustad om ikkje altfor lang tid.
Folk i fleire av nabohusa vart evakuerte, men alle fekk tilbod om å flytte heim igjen i går. Brannen kom på toppen av ein elles svært krevjande dag i Svelgen. Sterk vind førte til skader på fleire bygningar og bilar.
- Les òg:
– Men vi har kome veldig billig unna etter forholda. Ikkje minst har vi unngått personskade og det takkar eg for i dag, seier Strandos.
Skremmande likt Lærdalsbrannen
Onsdag ettermiddag bad lensmannen folk halde seg inne etter mørket på grunn av fare for flygande gjenstandar i vinden.
Difor vart lensmannen ekstra uroleg då det begynte å brenne midt i sentrum, der trehusa står tett i tett. I starten likna det skremmande mykje på korleis storbrannen i Lærdal starta for to år sidan.
– Eg var sjølv i Lærdal då katastrofen skjedde der. I går tenkte eg tilbake til korleis det var der. Det var ikkje nokon god situasjon, men det var vått og det var det som gjorde at situasjonen ikkje vart det den kunne blitt.
- Les òg:
Mangla vatn
På toppen av alt hadde brannmannskapet problem med altfor lite vasstrykk.
– Vi har eit fantastisk flotte brannfolk som gjorde ein formidabel jobb, men dei hadde rett og slett ikkje nok vatn til å hjelpe seg med. Dette er noko vi må ta opp med rette vedkommande. Hadde det ikkje vore for regnet kunne vi hatt eit heilt anna scenario.
Årsaka til brannen er enno ukjend, og Strandos seier dei ikkje har reflektert så mykje over dette.
Brannvesenet vil halde fram med å kontrollere brannstaden utover dagen, men den tekniske etterforskinga blir ikkje starta før på nyåret.