Hopp til innhold

Det blir regn overalt denne veka – men ikkje mist motet

Regnet høljar ned og fellesferien er i gang. Men alle skal få litt sommar denne veka, likevel.

Folk i regntøy i Førde

ØSE-PØSE: Skiftande vêr er stikkordet første veka av fellesferien. Men regn blir det stort sett overalt i landet.

Foto: Malene Laura Solheim

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Etter ein mai med sol og rekordvarme fleire stadar i landet er vi no inne i fellesferien.

Fleire plassar har sommarvêret latt vente på seg til fordel for regn.

Sør i landet må du veksle mellom flipfloppar og støvlar i starten av denne veka, ifølge meteorologane.

– Skiftande er eit godt ord for å beskrive vêret framover, seier statsmeteorolog Charalampos Sarchosidis.

Har du gode tips til kva ein kan finne på når det øse-pøser i ferien? Då kan du legge dei inn nedst i saka.

Les også Klimaforsker: – Det er denne veien det går.

Air Condition blir brukt i varmen.

Det finst ikkje dårleg vêr ...

– Viss det regnar, ta på regnklede og gummistøvlar slik eg har gjort, og berre køyr på, seier Arnis.

Familie frå Latvia foran Huldefossen i Sunnfjord.

Familien Orskis er ute og ser på Huldefossen i Sunnfjord. – Vi har ikkje hytte, så vi søv i telt og finn gåturar rundt i områda kor vi camper.

Foto: Malene Laura Solheim

Han har besøk frå heimlandet Latvia og dei reiser rundt med bil og overnattar i telt. Dei beste tipsa hans er:

– Berre gå ut. Opne døra og gå ut. Telting, bilturar, sykling, gåturar i fjellet. Eg trur alle kan finne på noko som passar for dei.

Joakim Andreassen og Inger Kvalsund er på Noregsferie.

– Regn? Då må vi rundt og sjå på dei fine naturområda her i Førde, seier Joakim Andreassen.

Eit ungt par luftar hunden sin ved ei elv i Førde.

Hunden er ein motivator for å kome seg ut dei dagane vêret ikkje speler på lag.

Foto: Malene Laura Solheim

Paret likar å finne fine turstiar og teltar også ute i regnet.

– Det går heilt fint, seier Kvalsund.

Badelandet

Sjekk badetemperaturen på din badeplass

Gode badetemperaturar

I delar av Austlandet og på Sørlandet vart det sist helg sendt ut gult farevarsel for styrtregn. I Troms var det farevarsel for lyn.

– Mange opplever temperaturen i vatn som varmare når det regnar. Så ein kan jo ta seg eit bad, seier statsmeteorologen.

– Men viss det lynar, så er det absolutt ikkje anbefalt. Då kan det bli farleg.

Charalampos Sarchosidis statsmetereolog

På regnvêrsdagar er statsmeteorolog Charalampos Sarchosidis sjølv glad i å sitte inne med ei bok og lytte til regnet.

Foto: Privat

Les også Venter «norsk sommer» i juli

Et italiensk ektepar smiler til kamera. De har hette og paraply i regnværet.

Regn stort sett overalt, men store kontrastar

Dei neste dagane blir det stort sett regn i heile landet, men i varierande grad og på ulike tidspunkt.

Til onsdag er det berre å finne fram sydvesten, spesielt om du bur i austlege strøk av Sør-Noreg eller på Vestlandet.

Metereologisk instiutt har sendt ut gult farevarsel for Oslo, Akershus, Østfold, Vestfold, Buskerud, Telemark og Innlandet for onsdag 10. juli. I Oslo er det venta opp mot 40 millimeter nedbør på 6 timar.

– Det vil bli ganske mykje regn. Og det kan kome tore i samband med nedbøren.

Men i Nord-Noreg slepp dei billegare unna.

– Der blir det litt mindre nedbør enn andre stadar dei neste dagane. Det blir ein veldig fin onsdag med mykje sol og temperaturar på om lag 16 gradar, seier Sarchosidis.

Les også Varmaste mai på lenge: – Vil ha store konsekvensar

collage ekstremvær mai

Ikkje mist motet

For det er håp bak regnskyene.

– Alle skal få litt sommarvarme denne veka. Berre på litt ulike tidspunkt og ulike plassar, seier statsmeteorologen.

I starten av veka er det varmast på Austlandet, med temperaturar på opptil 23 gradar.

I midten av veka blir det Nord-Trøndelag og Helgeland som får dei høgste temperaturane.

Til helga kan det bli sommartemperaturar igjen på opp mot 25 grader. Då er det Vestlandet og oppover mot Trøndelag som blir temperaturvinnarane.

Dei varme temperaturane gjeld frå Bergen og nordover mot Trøndelag. Både i indre og ytre strøk ved kysten kan det bli sommarleg.

– Varmen flyttar seg nordover i løpet av søndagen, slik at også Nordland og indre strøk av Troms og Finnmark får litt sommarvarme, seier Sarchosidis.

Regnboge over fjell i Luster, Vestland

I Luster i Vestland viste regnbogen seg etter ein laurdag med mykje nedbør.

Foto: Oda F. Lødemel

Han seier folk ikkje må miste motet for resten av sommaren.

– Det er framleis håp at det blir varmare seinare i juli. Og august kan by på fine dagar. Så får vi berre håpe at nedbøren held seg unna.