Mange ferierande leiger leilegheit til dømes gjennom Airbnb, og mange nordmenn leiger ut bustaden sin på den måten.
Fleire kommersielle selskap i Noreg tilbyr også slik korttidsutleige av vanlege bustadar i større skala.
Men for fastbuande naboar kan det vera vanskeleg når mange nabobustadar blir utleigd for nokre dagar eller veker om gongen.
– Dette er heimen vår, men me får kjensla av å bu midlertidig, seier Ellen Liljedahl Stavseth, styremedlem i Sameiet Damsgårdsveien 73-75 i Bergen.
Livskvaliteten
Ho seier det gjer noko med livskvaliteten når mange leilegheiter i blokka har korttidsutleige og det stadig kjem nye, ukjende folk inn og ut.
– Ein blir usikker på om ein vil bu her med familie på lang sikt, sjølv om dette er eit nydeleg og nyetablert område.
HOTELLKJENSLE: – Dette er heimen vår, men me får ei kjensle av å bu midlertidig, seier Ellen Liljedahl Stavseth. Det er korttidsutleige i mange av leilegheitene i sameiget.
Foto: NRKNRK sette i fjor søkelys på at selskap brukar leilegheiter i vanlege bustadblokker til korttidsutleige som kan minna om hotelldrift.
Stavseth målbar kritikken mot dette, og SV tok til orde for å stramma inn reglane for å hindra at bustadar kan leigast eller kjøpast opp og bli brukt til næringsverksemd.
No får dei støtte frå regjeringa.
Vil hindra «leilegheitshotell»
Fredag vitja kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) bustadområdet ved Damsgårdsundet.
– Det har vore ei eksplosiv utvikling i korttidsutleige i bygningar som er regulert til bustad. Me vil bidra til trygge bumiljø og hindra at profesjonelle aktørar driv «leileghetshotell» i boligsameige, seier Mæland.
– Framleis skal du som eigar ha fleksibilitet til sjølv å disponera bustaden din, men me ønsker å hindra permanent korttidsutleige som i realiteten er hotelldrift.
INNSKJERPING: Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland varslar strengare lovverk for å hindra «hotelldrift» med permanent korttidsutleige i vanlege leilegheiter.
Foto: Lise Åserud / NTB scanpixMaks 90 dagar
Regjeringa sender ut på høyring eit forslag om ei endring av eigarseksjonslova som avgrensar høvet til korttidsutleige til 90 dagar.
– Me vil bidra til god bukvalitet for naboane samstundes som me respekterer den private eigedomsretten. 90 dagar betyr at ein kan leiga ut 45 av 52 helger i året.
– Kva med folk som leiger ut hyblar?
– Ein kan framleis leiga ut på lengre basis, men ikkje varig korttidsutleige som i realiteten er hotell.
Mæland understrekar at slik korttidsutleige ikkje er eit problem i heile landet.
– Derfor føreslår me at styret i sameiget kan avgjera med 2/3-dels fleirtal å ikkje ha slike avgrensingar.
– Mange omgår kravet
Regjeringa vil også gjera det vanskelegare å kjøpa seg inn i eit sameige viss målet er korttidsutleige.
– Mange næringsaktørar omgår dagens grense om å eiga berre to leilegheiter i eit sameige. No prøvar me å tetta det holet i lovverket.
Lovendringsforslaget skal ut på høyring i tre månadar.
– Me ønsker dette velkommen, seier Ellen Liljedahl Stavseth.