Hopp til innhold

Kan bli mange nye vindmøller langs kysten

Regjeringa vil satsa meir på vindkraft, og for å få fart i utbygginga vil dei i det kommande statsbudsjett gje skattelette. No skal Norge bli lika gode som svenskane på vindkraft, meiner regjeringa.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: No skal Norge bli like gode som svenskane på vindkraft, meiner regjeringa.

Det var nesten storm i kasta då olje- og energiminister Tord Lien hadde tatt turen til ein av landets største vindpark, nemleg Midtfjellet Vindpark på Stord i Hordaland på fredag.

Interessa for å byggja ut vindkraft har vore som ein flau bris i Norge, samanlikna med Sverige. Svenskane har satsa ti gongar så mykje som Norge på dei fire åra landa har hatt ei felles finansieringsordning for vindmøller og utbygging av fornybar kraft.

– Dette er ei felles finansieringsordning og mesteparten av investeringane har hamna i Sverige. Det ønskjer vår regjering å retta på og innføra gunstigare avskrivingsreglar for vindkraftutbygging i Norge, seier Lien.

Tord Lien

VIL SATSA: Olje- og energiminister Tord Lien ønskjer å satsa meir på vinkraft.

Foto: Morten Andersen / NRK

Han får støtte frå regjeringspartnar Høgre.

– Det vil bli investeringar på opptil 35 milliardar kroner fram mot 2020 med dei nye reglane, seier miljøtalsmann Nikolai Astrup.

Vindkraftbransjen jublar

Vindkraftbransjen jublar og lovar storstilt utbygging av vindmølleparkar i Norge.

– No vil vi nærma oss svenskane, fordi vi kan få brukt dei ressursane vi har i Norge. Vi skal ta igjen Sverige og køyra godt på og få opp desse parkane, seier Øyvind Isachsen, administrerande direktør i Norsk Vindkraftforeining.

Men avskrivingsreglar er ikkje alt. Kraftlaget som eig Midtfjellet Vindpark vil byggja fleire turbinar, men meiner låge kraftprisar er det største problemet.

– Prisane betyr veldig mykje. Produksjonen betyr sjølvsagt mykje og, men det er prisen som vil vera avgjerande for ein investeringsbesluttning, seier Erik Mortensen, dagleg leiar i Midtfjellet Vindkraft.

Miljøstiftelsen Zero ønskjer regelendringa velkomen. Dei meiner det er eit nødvendig og viktig tiltak for å leggja til rette for ny fornybar næringsverksemd.

Berit Kjøll

TRENG EIN PLAN: Styreleiar i DNT, Berit Kjøll, meiner det er viktig at regjeringa først lagar ein plan før ei eventuell utbygging. - Det er rasering av naturen utan ein plan, seier Kjøll.

Foto: Tale Hauso / NRK

– No gjev vi norske utbyggarar ein sjanse i kampen om framtida sine arbeidsplassar, seier nestleiar Kari Elisabet Kaski.

– Rasering av naturen

Styreleiar i Den norske turistforeining (DNT) Berit Kjøll, meiner at forslaget vil rasera naturen utan ein plan.

– I kampen for å redda klimaet må vi ikkje ofra naturen. DNT krev stans i alle konsesjonar til det er utarbeidd landskapsstrategi. Vi må ikkje gjenta dei same feila som under vasskraftutbygginga på 70-talet. vi risikerer å rasera noko av den vakraste kystlinja og naturen i verda, seier Kjøll.

No oppmodar DNT regjeringa til å først utvikla ein nasjonal landskapsstrategi før eventuell utbygging.

– Dei aller beste løysingane får vi når vi plasserer vindkraftanlegg der dei er best egna, samtidig som vi tar godt vare på naturen, seier Kjøll.