Hopp til innhold

Regjeringa vil ikkje stenge norske hamnar for russiske fiskefartøy

Noreg er einaste landet med unntak for russiske fiskefartøy. Trass auka press vil regjeringa ikkje endre på det.

Polyarny Issledovatel til kai i Kirkenes

Det russiske Polyarny Issledovatel til kai i Kirkenes i april. Det var lokalt næringsliv glade for at skipet fekk lov til.

Foto: Karen Gjetrang / NRK

Det russiske Polyarny Issledovatel til kai i Kirkenes i april. Det var lokalt næringsliv glade for at skipet fekk lov til.

Foto: Karen Gjetrang / NRK

Påstandar om spionasje og militarisering av den russiske fiskeflåten har dei siste vekene auka presset på det omstridde unntaket som gjer at russiske fiskefartøy kan leggje til hamn i Noreg.

Noreg er det einaste landa i Europa som har eit slikt unntak.

No stadfestar regjeringa, ved justisdepartementet, at unntaket består.

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) viser til at etterretnings- og tryggingstenestene «følgjer løpande med på aktiviteten til russiske fiskefartøy langs norskekysten» og at dei har «auka prioritering av arbeidet for å motverke ulovleg etterretningsverksemd».

Politiets tryggingsteneste (PST), som skal førebyggje og etterforske truslar mot tryggleiken i riket, sorterer under Justisdepartementet.

Statsråden legg til at Stortinget har løyvd meir enn 100 millionar kroner til tiltak for å styrkje etterretninga.

Konklusjonen er at unntaket for russiske fiskefartøy består. Unntaket er grunngjeve med omsynet til den norsk-russiske fiskeforvaltninga.

Emilie Enger Mehl

Trass auka press står regjeringa og justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) fast på unntaket som gjer at russiske fiskefartøy kan leggje til hamn i Noreg.

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Eit «stort hol i forsvarsverket vårt

Dei siste signala frå regjeringa vil venteleg få stor motstand i norsk offentlegheit.

I juli underskreiv Vladimir Putin ein ny doktrine som vert tolka som ei militarisering av den russiske fiskeflåten, og i oktober skal eit forslag om å vrake unntaket «som bidreg til å finansiere Putins krig» opp i Stortinget.

Blant dei som vil ha russiske fiskefartøy vekk frå norske hamner er Venstre, MDG, ukrainske styresmakter og forskarar ved Sjøkrigsskolen, som omtalar den russiske trafikken i norske hamner som «ein akilleshæl» og eit «stort hol i forsvarsverket vårt».

I ein leiar skriv Fiskeribladet at det er «uforståeleg» og «tragisk at regjeringa gir den russiske krigsmaskina ei handsrekking». Dei legg til: «Russarane har stengt all norsk fisk ute sida 2014. Det er på tide Noreg svarar med same mynt.»

Leiar av Stortingets utanriks- og forsvarskomité, Ine Eriksen Søreide (H), sende i førre veke skriftleg spørsmål til fiskeriminister Bjørnar Skjæran (Ap) og utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) der ho etterlyser svar på «kva slags kontroll som vert gjennomført av russiske fiskefartøy for å sikre at dei ikkje er utstyrte for militære formål?»

I spørsmålet viser Søreide, som var utanriksminister fram til i fjor, til ekspertfråsegner om at fleire russiske fiskefartøy «er utstyrte med militær satellitt-, drone- og undervassteknologi, og at fleire har kapasitet til å kappe gassrøyr i Nordsjøen».

Ho legg til at «regjeringa løpande bør revurdere unntaket for å sikre at Noreg opptrer i tråd med felles sanksjonsregime frå Europa, og ikkje bidreg til auka inntekter for Russland».

Ine Eriksen Søreide

Ine Eriksen Søreide (H) vil ha svar på «kva slags kontroll som vert gjennomført av russiske fiskefartøy for å sikre at dei ikkje er utstyrte for militære formål?»

Foto: Terje Pedersen / NTB

Russiske fiskefartøy ikkje automatisk eit problem

Næringslivets sikkerheitsråd åtvara før jul om «målretta og omfattande etterretningsaktivitet» frå sivile skip som blir brukt til militære formål.

Vi deler ikkje den generelle oppfatninga om at russiske fiskefartøy i norske hamner automatisk har tryggingsmessige implikasjonar. Det må knytast meir til fartøyet enn at det fører russisk flagg for at det skal komme i den kategorien, seier generalmajor Odin Johannessen, som er leiar i Næringslivets sikkerheitsråd.

Han legg til:

For å handtere moglege truslar frå framande lands fartøy, kan vi stengje eller innføre seglingsrestriksjonar i viktige område langs kysten for slike fartøy. Slik kan vi handtere risikoen med slike fartøy, og samtidig stå ved det viktige prinsippet om navigasjonsfridom.

Henriette Skaar ved hamna i Måløy

– Eg legg til grunn at styresmaktene varetek omsyna knytt til tryggleik, slik dei skal gjere, seier Henriette Skaar, som er leiar i Sogn og Fjordane fiskarlag.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Regjeringa må ta grep som er avstemde

Henriette Skaar er leiar i Sogn og Fjordane fiskarlag, ein del av landet som får «sporadiske» besøk av russiske fiskefartøy.

Ho seier til NRK unntaket vert diskutert blant deira medlemmer, men at dei lojalt følgjer opp dei føringane som kjem.

Eg legg til grunn at styresmaktene varetek omsyna knytt til tryggleik, slik dei skal gjere, seier ho.

Leiar i Norsk fiskarlag, Kåre Heggebø, seier deira mål er å sikre ei framleis berekraftig forvaltning av fiskeressursane i Barentshavet og at «det føreset at fiskeri- og forskingssamarbeidet fungerer».

Når det gjeld grep, tiltak eller sanksjonar overfor Russland, så er vi på ein banehalvdel der vi ikkje speler. Her må regjeringa ta grep som er avstemde både nasjonalt og i ein global setting.