Hopp til innhold

No skal regjeringa sikre at skip blir bygde i Noreg

Krav til språk, lærlingar, og lokalt nærvær skal sikre at båtar kan bli bygde ved norske verft.

Stadyard Raudeberg

STADYARD: Skipsverftet på Raudeberg i Nordfjord tapte i fjor eit stort oppdrag om å bygge opplæringsbåt for den lokale vidaregåande skulen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Regjeringa vil finne ut korleis dei kan unngå at norske verft blir utkonkurrerte i kampen om å bygge nye skip. No ber dei om ei større utgreiing.

Vi vrir på dei knappane vi kan, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap).

Det kan bli krav til korleis båtane ser ut, kva utstyr dei har, arbeidsspråk på verfta, at lærlingar skal jobbe på verfta, lokalt nærvær og responstid når båtane skal reparerast.

Kvart år kjøper staten, fylkeskommunar og kommunane inn varer, tenester og byggje- og anleggsarbeid for 600 milliardar kroner årleg.

Også i marknaden for fartøy er det offentlege ein stor innkjøpar. Men verfta her til lands tapar kampen om oppdraga, og båtane blir heller bygde i utlandet.

NRK skreiv torsdag om ein rapport som viser at berre 13 prosent av norske ferjer i år vert bygd i Noreg. Før 2015 vart til samanlikning 82 prosent av norske ferjer «heimesnikra».

– Ein næringspolitisk skandale, kvitterte Geir Jørgensen (Raudt) i Næringskomiteen på Stortinget.

Bransjeforeininga Norske skipsverft møtte denne veka på Stortinget for å be politikarane om å sikre dei fleire oppdrag.

hAVYARD

HAVYARD, HYLLESTAD: I år vert berre 13 prosent av norske ferjer bygd i Noreg. Før 2015 vart til samanlikning 82 prosent av norske ferjer «heimesnikra».

Vi skal ikkje gå på kant av det EØS-rettslege

Regjeringa har lova at dei skal lage ein strategi for å hjelpe verftsnæringa.

Kunsten er å lage anbod som norske verft kan vere konkurransedyktige på, utan at det går utover det strenge EØS-regelverket om fri konkurranse. Det er dette dilemmaet regjeringa må finne ut av.

– Fleire oppdrag sikrar arbeidsplassar og verdiskaping langs kysten, seier Skjæran.

Regjeringa skal også finne ut om dei andre landa i EU og EØS greier å vri anboda til sine verft.

Danmarks mat-, landbruk- og fiskeriminister Rasmus Prehn tok imot fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran i Ålborg og Hirtshals 6. og 7. juni.

Danmarks mat-, landbruk- og fiskeriminister Rasmus Prehn tok imot fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran i Ålborg og Hirtshals 6. og 7. juni.

Foto: Yngve Angvik, Nærings- og fiskeridepartementet

Få skip bygd i Noreg

Bransjen har lenge jobba for at staten skal ta tak i problemet.

Hugo Mikal Strand, som er verftsdirektør ved Fitjar mekaniske verkstad, seier til NRK at norske verft er gode på å levere som avtalt, og reparasjon og oppfølging av båtane dei bygger, og meiner det har vore for lite lagt vekt på.

Ein oversikt NRK har laga viser at staten og fylkeskommunane har tinga 14 skip i utlandet sidan 2017.

Også LO har stått på barrikadane. I eit brev til Nærings- og fiskeridepartementet bad Fellesforbundet i fjor om at regjeringa «greier ut handlingsrommet i og utanfor EØS».

Skip skulle bli bygd i Noreg – oppdraga gjekk til utlandet

I 2020 vedtok Stortinget ein oljepakke for å hjelpe norsk industri gjennom koronakrisa.

Eit av tiltaka var at Havforskingsinstituttet skulle byggje eit nytt skip til 110 millionar kroner.

Ikkje desto mindre hamna oppdraget på nederlandske hender.

I fjor reagerte fleire på at Vestland fylkeskommune gav oppdraget til eit dansk skipsverft då dei skulle ha eit nytt undervisningsfartøy til den vidaregåande skulen i fiskeribyen Måløy.

I utlysingskriteria vart prisen vekta 50 prosent, då klarte ikkje skipsverftet Stadyard seg i konkurransen.