Hopp til innhold

Regjeringa snur: Svenske helsearbeidarar skal bli koronatesta før dei får jobbe i Noreg

Det blir no innført krav om at alle svenske legar og sjukepleiarar skal bli testa før dei får lov å jobbe her i landet. Først ein gong før dei startar og deretter ein gang i løpet av 48 timar.

Koronaåtvaringar på Nordfjord sjukehus juni 2020.

AVSTENGD: Ingen nye pasientar får kome inn på medisinsk avdeling på Nordfjord sjukehus etter smitteutbrotet.

Foto: Raymond Lidal / NRK

– Frå i dag er det ikkje berre eit råd om å teste, men altså eit pålegg om å teste svenske helsearbeidarar, seier statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Inger Klippen (H).

Det har vekt stor oppsikt at ein svensk vikarlege med påvist covid-19 har spreidd smitten til ein lokal sjukepleiar frå Gloppen og ein pasient frå Stryn.

Fleire andre kollegaer og pasientar ventar no på prøvesvar.

– Det er svært beklageleg at det er svensk personell med smitte som har vore i norske helseinstitusjonar, seier Klippen.

Unntak for dagpendlarar

Legen hadde jobba nokre få dagar på Nordfjord sjukehus på Nordfjordeid, og hadde fått fritak frå karantenekravet sidan vedkomande er helsepersonell.

– Det har tidlegare vore eit råd frå FHI om testing, no set vi det ned som krav at dei skal testast. Dei skal testast to gonger. Den neste testen skal takast tidlegast etter 48 timar, seier statssekretæren.

Det blir gjort unntak for svenske helsearbeidarar som dagpendlar over grensa.

Helseføretak og kommunar i Noreg er svært avhengige av hjelp frå Sverige, og statssekretæren legg ikkje skjul på at regelendringa kan føre til problem.

– Dette kan forseinke arbeidstakarar frå dei kjem og til dei kan starte i jobb i Noreg. Det kan vere utfordrande å få kabalen til å gå opp i ferieavviklinga. Det er ein av dei tinga vi har vurdert nøye i samband med denne forskriftsendringa.

Statssekretær Inger Klippen (H)

NYE REGLAR: Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Inger Klippen (H).

Foto: NRK

– Endeleg fornuft

Seinast sist helg kom Frp med forslag om at svenske legar og sjukepleiarar må testast. No er helsepolitiske talsperson Åshild Bruun-Gundersen nøgd.

– No forventar eg at regjeringa følgjer dette opp så vi unngå fleire slike skandalar, seier Bruun-Gundersen.

Det har også kome krav om dette frå blant anna Sjukepleiarforbundet. Leiar Lill Sverresdatter Larsen reagerte sterkt då nyheita om at ein svensk lege var smitta.

– Dette er slepphendt arbeid som ein test kunne ha forhindra. Det er ikkje godt nok, sa Larsen.

– Hatt direkte kontakt

På Nordfjord sjukehus var blant anna fire pasientar frå Stryn kommune i kontakt med den koronasmitta vikarlegen. Ein av dei er stadfesta smitta.

– Her veit vi det har vore direkte kontakt i samband med undersøking på sjukehuset. Vi veit vi har ein positiv test hjå legen, og det passar i forhold til tidspunktet. Det er overvegande truleg at smitta stammar frå legen på Nordfjord sjukehus.

Det seier Marius Solbakken, smittevernlege og kommuneoverlege i Stryn.

Ein hjartepasient som var til undersøking hos den svenske legen, reagerer sterkt på at legen ikkje brukte munnbind.

– Eg hugsar at eg tenkte det var litt rart, seier pasienten til NRK.

Nordfjord sjukehus juni 2020.

TRE SMITTA: Ved Nordfjord sjukehus testa ein svensk vikarlege positivt for covid-19 fredag. Seinare er smitta òg påvist hos ein sjukepleiar og ein pasient.

Foto: Raymond Lidal / NRK