Hopp til innhold

Industrien slepp likevel ekstrarekning

Regjeringa gjer heilomvending om industrien. Etter store protestar og trugslar om streik, ligg dei raudgrøne sin kompensasjonsordning for CO2-avgift likevel inne i budsjettforliket med Venstre og KrF.

Søral Aluminium på Husnes i Kvinnherad

MILLION-KOSTNAD: Aluminiumsverket på Husnes i Kvinnherad låg an til ein ekstrarekning på 35 millionar kroner, om regjeringa hadde fått det som dei ville.

Foto: Jostein Viestad / Aerophoto

Terje Breivik

VANN FRAM: Venstre-nestleiar Terje Breivik seier partiet ikkje kunne godta ei ekstrarekning for norsk industri.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

– Det var rimeleg stor semje rundt bordet om at her måtte vi gjere ein felles jobb for å ta til oss dei tydelege signala vi hadde fått. Dei 123 millionar som var ute av budsjettet i regjeringa sitt forslag, er no tilbake, stadfester Venstre-nestleiar Terje Breivik overfor NRK.no.

Han heile veka sitte i budsjettforhandlingar mellom regjeringspartia Høgre og Frp, og støttepartia Venstre og KrF.

EU-avgift

Det skapte store misnøye då finansminister Siv Jensen (Frp) i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett fjerna den såkalla kompensasjonsordninga for den kraftkrevjande industrien. Ordninga har gjort at industrien har fått betalt tilbake utgifter til utsleppskvotar for CO2-utslepp, og vart innført som ein del av det breie klimaforliket i stortinget under den raudgrøne regjeringa.

Fagrørsla har truga med storstreik, og såvell Høgre-ordførarar som Ap-arar har tatt til motmæle mot kuttforslaget. Dei frykta for framtidige industrisatsingar, dersom næringa ville bli sittande att med ei større rekning for utsleppa sine.

Etter at kvotesystemet i EU tredde i kraft i 2005 har nemleg norsk kraftkrevjande industri måtte betale CO2-avgift for krafta dei brukar – sjølv om vasskraft både er fornybar og utsleppsfri.

For å kompensere for avgifta, vart det innført ei CO2-kompensasjonsordning. Den skal betale tilbake ekstrautgiftene som norsk kraftindustri fekk grunna kvoteordninga. Denne ordninga ønskte Solberg-regjeringa å kutte.

Høgre-ordførarar protesterte

John Opdal

PROTESTERTE: Ordførar i Odda, John Opdal (H), har lobbyert hardt mot Stortinget dei siste dagane.

Foto: Egil Torheim / NRK

– Eg likar ikkje dette forslaget frå regjeringa, og seier no klart frå at dette må justerast tilbake til nivået under Stoltenberg-regjeringa, sa Høgre-ordførar John Opdal i Odda til NRK.no torsdag.

– Om ikkje dette blir ordna, vil det få store konsekvensar, åtvara han og fekk støtte frå Høgre-kollegaen i industrikommunen Kvam der Elkem har eit stort anlegg.

Tonen var den same i industrikommunen Kvinnherad, der Ap og Frp deler på makta.

Slik ville forslaget frå regjeringa slå ut for tre av industriverksemdene i Hordaland:

  • Aluminiumsprodusenten SØRAL i Kvinnherad ville tape 35 millionar kroner på regjeringa sitt forslag.
  • Boliden i Odda ville tape 10 millionar.
  • Elkem i Kvam rekna med at dei ville tape seks millionar.

Frå sinne til glede

No kan både ordførarar, industrieigarar – og lokalsamfunna puste letta ut.

Ordførar Synnøve Solbakken

LETTA: Ordførar i Kvinnherad, Synnøve Solbakken (Ap) er glad for at hjørnesteinsverksemda i kommunen slepp å punge ut 35 millionar kroner.

Foto: Ingfrid Fossåskaret / NRK

– Eg er svært glad for at regjeringa no har vidareført ordninga. Eg var uroa. Dette ville ha ramma industrien i Hordaland, og spesielt Odda og Kvinnherad spesielt hardt. Eg er glad for at vi har fått dette på plass, seier Odda-ordføraren etter at budsjettforliket vart eit faktum fredag.

Opdal er klar på at kampen har vunne fram.

– Vi har hatt god dialog med representantar på Stortinget. Dei har fått klar melding om kva vi meinte om forslaget, seier John Opdal.

I Kvinnherad er Ap-ordførar Synnøve Solbakken minst like letta.

– Eg er veldig glad for at dei no har ombestemt seg. Dette er veldig, veldig bra. Eg er glad på industrien sine vegne. Søral er ein hjørnesteinsverksemd i Kvinnherad. Det er utruleg viktig å kunne oppretthalde ordninga som vart innført for under eitt år sidan. Det gir gode og føreseilege rammevilkår for industien, seier Solbakken til NRK.no.

Rosar motstanden

– Det er all grunn til å skryte av storindustrien og lokalsamfunna i denne saka, seier Breivik i Venstre.

Han trekkjer særleg fram industrikommunane Odda og Kvinnherad i Hordaland.

– Dei har verkeleg vore flinke og har tatt kontakt for å vise kor viktig storindustrien er for desse lokalsamfunn.

Venstre-nestleiar seier partiet ikkje var i tvil om at noko måtte gjerast med regjeringa sitt budsjettforslag på dette punktet.

– Dette var ikkje noko vanskeleg sak.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Budsjettforhandlinger torsdag

I HAMN: Dei fire borgarlege partia kom fredag føremiddag fram til eit budsjettforlik. 2 milliardar kroner er flytta på, i høve til regjeringa sitt forslag.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Håpar på meir reinsing

– Kan dette sjåast på som ein retrett frå regjeringa?

– Dette må sjåast på som at dette er eit fornuftig resultat av tilbakemeldingane ein har fått. Når også regjeringa har sett kva eit slikt kutt ville føre til.

Breivik avviser at saka er prinsipielt vanskeleg for det elles så næringsnøytrale Venstre.

– Dette var ein viktig del av klimaforliket som også vi stod bak. Vi har som prinsipiell haldning at forureinar skal betale. Men skal vi som politikarar gjere denne typen endringar i eit så sentralt rammevilkår, så må føreseielege rammer vege tungt. Samstundes er det ikkje tvil om at dette er ei ordning som gjer at storindustrien vår har heilt andre føresetnader for å halde fram utviklinga for å reinse eigen produksjon og utslepp, seier stortingsrepresentanten.