Regjeringa sår tvil om statleg Noregs-reklame fungerer – kuttar i støtta

Reiselivsnæringa reagerer sterkt på at regjeringa neste år vil bruka 51,1 millionar kroner mindre på å profilera Noreg som reisemål.

Paraplyen ble flittig brukt under regnværet i Bergen.

TURISTANE STRØYMER TIL NOREG: Nærings- og fiskeridepartementet vil ikkje lenger at Innovasjon Norge skal bruke tid og pengar på generell marknadsføring av Noreg.

Foto: Breistein, Emil / NTB scanpix

Dei siste åra har potten til profilering av Noreg som reisemål lege stabilt på rundt 230 millionar kroner. Men i budsjettforslaget for 2020 kuttar regjeringa 51,1 millionar samanlikna med i fjor.

Det skjer berre månader etter at næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) beklaga sin eigen rolle i Innovasjon Norge sitt omdiskuterte klokkestunt på Sommarøya.

Innovasjon Norge lurte ei heil verd med klokkekampanjen i sommar. Flyselskapet SAS, som hadde ei rolle i kampanjen, braut samarbeidet.

Trur ikkje på samenheng

Reiselivsdirektør Bente Bratland Holm i Innovasjon Norge er overraska over kuttet, men trur ikkje det er ein samanheng med pr-stuntet som kosta selskapet nesten ein halv million kroner.

– Nei, det trur eg ikkje.

Turistar på Fjellstua i Ålesund

TURISME: Talet på turistar på Fjellstua i Ålesund har auka taktfast dei siste åra. Det meiner Fjord Norge og Innovasjon Norge er eit resultat av godt samarbeid og målbevisst satsing.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Meiner kutt er i strid med regjeringsplattform

Neste år får Innovasjon Norge 180 millionar kroner til å profilera norsk natur i utlandet.

Regjeringa forsvarar kutta med at det er venta vekst i internasjonal turisme det neste tiåret, kombinert med ei omfattande digitalisering av reiselivsmarknaden.

– Me hadde venta auka midlar, ikkje mindre, i ei tid der norsk reiseliv veks og skapar arbeidsplassar over heile landet, seier administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv i ei pressemelding.

Devold meiner budsjettforslaget er i strid med det regjeringspartia blei samde om i Granavolden-plattforma, der det sto at «regjeringa vil styrke merkevarebygginga av Norge som reisemål».

– Dette kuttet er det motsette av det regjeringa har lova, meiner Devold.

Administrerende direktør Kristin Krohn Devold, NHO Reiseliv

MINDRE SYNLEG: Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv meiner Noreg vil bli drastisk mindre synleg om kutta blir gjennomført.

Foto: Eivind Fondenes

Fryktar Noreg mister påverknadskraft

Fjord Noreg stansa i 2017 det meste av marknadsføring i sommarmånadene. Årsaka var ein nærast metta marknad, og eit ønske om å ta i bruk resten av året.

No fryktar paraplyorganisasjonen for reiselivsnæringa på Vestlandet at dei store internasjonale reiselivsorganisasjonane i større grad vil styra når og kor turistane reiser til Noreg.

– Skal ein få ei berekraftig utvikling, må me ha heilårsturisme. For å få heilårsturisme, treng me meir marknadsmusklar for å overtyda folk om å koma mellom oktober og april. Dette vil ha store konsekvensar for kampen om å bygga reiseliv heile året, seier administrerande direktør Kristian B. Jørgensen.

Kristian Jørgensen i Bergen

HEILÅRSTURISME: Kristian B. Jørgensen, administrerande direktør i Fjord Noreg, trur kutta kan få konsekvensar for evna til å drive med heilårsturisme.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Skeptisk til effekten av statleg reklame

Men regjeringa stiller spørsmål ved effekten den statlege marknadsføringa har på norsk økonomi.

– Det har vore rekord i talet på turistar til Noreg kvart år dei siste fem åra. Utfordringa er altså ikkje lenger å få folk til Noreg, og målet er heller ikkje at det skal koma flest mogleg turistar til Noreg, seier statssekretær Hannah Atic (H) i Nærings- og fiskeridepartementet.

Målet er å få turistane til å bli lenger og leggja igjen meir pengar. Då må fokus vera på å utvikla reiselivsprodukta, meiner Atic.

– Det er det me vil at Innovasjon Norge skal bruka tid og pengar på, ikkje generell marknadsføring av Noreg. Det er dessutan lite som tyder på at generell marknadsføring får fleire turistar til dei minste destinasjonane, fordi turistane blir dratt mot kjende landemerke.

Halvportrett av Bente Bratland Holm som gestikulerer med hendene.

UVENTA: For Bente Bratland Holm, reiselivsdirektør i Innovasjon Norge, kom kutta uventa.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Overraska over kutt

Reiselivsdirektør i Innovasjon Norge, Bente Bratland Holm, vedgår at dei er overraska over kuttet. Ho forstår ikkje korleis regjeringa ser for seg dreiinga i reiselivsoppdraget framover.

– Eg er litt usikker på kva dei eigentleg meiner med det. Me jobbar ikkje åleine, men i lag med regionale reiselivsaktørar. Det me har gjort i fellesskap dei siste åra har gjort fjord-Noreg og Nord-Noreg til vinnarar i det nasjonale biletet. Desse regionane tar også marknadsandelar internasjonalt.

Reiselivsdirektøren seier dei denne veka vil gå i dialog med departementet for å finna ut kva dreiing oppdragsgjevaren ønsker seg.