Hopp til innhold

Regjeringa vil skrote odelslova – det likar bøndene dårleg

NAUSTDAL (NRK): Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.

Atle og Arnfinn Kringlen

VIL TA OVER: Arnfinn Kringlen vil ta over heimegarden på Kringla i Naustdal. Her med far Atle Kringlen.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det at eg har hatt odel har betydd at det aldri har vore noko prat om det med systera mi. Det har alltid vore klart at eg kunne ta over om eg ville det, seier Kringlen.

Odelsretten i Norge er nedfelt i Grunnlova, og seier at den eldste i søskenflokken på ein gard har rett til å ta over bruket.

Slik er det ikkje alle som vil ha det. I den nye regjeringsplattforma til Høgre, Venstre og Frp kjem det fram at dei vil undersøke konsekvensane av å kvitte seg med odelslova.

– Fordi odelslova er ein sterk inngriping i folk sin private eigedomsrett. Dersom vi kan sikre at folk kan gjere med gardane slike det dei helst vil, er det betre, seier landbruksminister Jon Georg Dale (Frp).

Statsråd  Jan Tore  Sanner, 

VIL SJÅ PÅ ODELSLOVA: Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) meiner det er på tide å sjå på odelslova.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

– Prinsipielle motstandarar av odelslova

Arnfinn Kringlen er eigentleg dataingeniør i Forsvaret, men har teke permisjon eit år for å prøve livet som bonde ei stund. Fjellgarden Kringla i Naustdal ligg vanskeleg til, og er så bratt at det ikkje er mogleg å bruke store, moderne landbruksmaskinar.

Likevel trur 28-åringen han ender opp med å slå seg ned der for godt.

– Eg har alltid vore klar over at eg er odelsgut, og det er noko eg har tenkt mykje på, seier Arnfinn Kringlen.

Landbruksministeren seier at dei ikkje vil gå inn for å skrote lova før dei har undersøkt konsekvensane av det nærare.

– Men vi har heilt klart eit prinsipielt standpunkt mot odelslova. Det er difor vi vil greie ut konsekvensane av å bli kvitt ho, seier Dale.

Kringlen den eldre

KÅRKALLEN: I dag bur det tre generasjonar på Kringla, her er eldstemann på garden Oddvin Kringlen.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Sikrar oss mot store aksjeselskap

Bondelaget er derimot ikkje interessert i noko utgreiing i det heile.

– Odelslova har vore ekstremt viktig for norsk landbruk sidan ho kom inn i grunnlova i 1814. I dag er det ei moderne lov som sikrar at norsk gardsdrift er familieeigd, seier leiar i Sogn og Fjordane Bondelag Anders Felde.

Felde seier at land som ikkje er ei sterk odelslov, ender om store landbruksbedrifter, i staden for små familiegardar som i Norge.

– I dei fleste land i Europa er landbruket dominert av store aksjeselskap. Odelslova har vore vårt forsvar mot ei slik utvikling her i Norge.

Anders Felde

KRITISK: Leiar i Bondelaget i Sogn og Fjordane, Anders Felde, meiner at odelslova er svært viktig for norsk landbruk

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Det har ikkje landbruksministeren noko tru på.

– Vi vil erstatte odelslova med eit moderne lovverk som sikrar god økonomi og god drift i norsk landbruk, seier Dale.

Odelsguten Arnfinn Kringlen i Naustdal veit i alle fall kva han meiner om saka.

– Det har vore veldig greitt å ha hatt desse reglane å lene seg på. Då har det ikkje blitt noko krangling i familien.