Hopp til innhold

Regjeringa lovar 2,8 milliardar kroner til bybanen til Åsane

Ein tunnel skal forlengast og bybanen frå Bergen sentrum til Åsane skal i gong dei neste seks åra, om regjeringa får det som dei vil i nasjonal transportplan. Bompengepartiet er i harnisk.

Bybanen i åpen løsning ved NHH - illustrasjon

FÅR STATSSTØTTE: Bybanen mot Åsane kan bli ei verkelegheit i 2031. Illustrasjonen viser banen i open løysing ved Norges Handelshøyskole.

Foto: Mats Andersen

Politikarane i Bergen har lenge krangla om kor vidt bybanen mot Åsane skal gå over Bryggen eller ikkje.

Måndag er det i alle fall klart at regjeringa vil gi totalt 2,8 milliardar kroner dei neste seks åra, så prosjektet kjem i gong.

– No blir det bybane til Åsane, seier Dag Inge Ulstein til NRK.

Han er utviklingsminister og KrFs listetopp til Stortinget frå Hordaland.

Inkludert i pengesummen kjem middel til å forlenge Fløyfjellstunnelen, som er det første steget for å få plass til både vegtrafikk og bybane.

– Vi skal bygge vidare på suksessen bybanen har vore dei siste åra. Dette er ein milepæl for prosjektet og viser kor høgt prioritert det er frå regjeringspartia si side, seier Sveinung Rotevatn, klima- og miljøvernminister og listetopp for Venstre.

Staten tek halve summen

Dette er det ein av fleire lekkasjar som har komme i forkant av at regjeringa legg fram ny nasjonal transportplan før påske.

Regjeringspartia er i mindretal på Stortinget og er avhengig av støtte frå fleire for å få det vedteke.

Dei føreset ei ordning der staten betalar 50 prosent av summen, mens lokale styresmakter tek resten.

Det får Folkeaksjonen Nei til meir bompengar til å sjå raudt. Dei peikar på at det for ei anna bybane-strekning til Fyllingsdalen er blitt gjennomslag for 66 prosent på staten og 33 lokalt.

– Så lenge varte det! Fordelingen blir plutseleg på 50/50 på staten og bilistane for bygging av bynane til Åsane. Dette er ein katastrofe for bilistane, seier gruppeleiar i bystyret, Cesilie Tveit.

Byrådet: – Gledas dag

– Dette er ein gledas dag for Bergen og Vestland, seier byutviklingsbyråd Thor Haakon Bakke (MDG) til NRK.

Thor Haakon Bakke (MDG)

GLAD BYRÅD: Thor Haakon Bakke (MDG) er byråd for klima, miljø og byutvikling i Bergen.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Han er førebels usikker på om 50/50-ordninga vil føre til auka bompengar for bergensarane.

– Det kan hende at regjeringa har rydda litt i byvekstavtaleinstituttet, men det må eg nesten komme tilbake til når vi har heile transportplanen foran oss, seier byråden.

– Sjølvsagt ønskjer Bergen kommune at den statlege finansieringa skal vere høgast mogleg, også høgare enn 50 prosent, held han fram.

Bakke ønska seg oppunder 3 milliardar kroner, og reknar med at dei kjem uavhengig av kven som sit i regjering etter stortingsvalet til hausten.

– Ikkje berre er det bra for klima og natur, men for kvar krone det offentlege investerer, får ein 15 kroner tilbake i private investeringar, seier byråden.

Håper på å større statleg del

Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) seier lekkasjen frå regjeringa er i tråd med det fylkestinget har vedteke.

Jon Askeland

DELVIS NØGD: Jon Askeland (Sp) er fylkesordførar i Vestland.

Foto: Paul André Sommerfeldt

– Vi må sjå alle detaljane når transportplanforslaget til regjeringa kjem på fredag, men ambisjonsnivået til regjeringa er inne, og det er bra.

Han er ikkje heilt nøgd med at regjeringa ønskjer ein 50/50-ordning i finansieringa.

– Det er litt lågare enn det fylkestinget ønsker, som er 70 prosent på staten og 30 prosent lokalt. Men det er ein del tekniske forhold vi får følge opp.

FNB er oppgitt.

– Forstå den den som kan? Ein ønsker mindre køyring og færre billistar, men satsar samtidig på at bilistane skal betale halve rekninga, seier Tveit.

Kan stå ferdig i 2031

Bystyret i Bergen kom i haust med ein anbefalt plan for bybanen til Åsane.

Men no held lokalpolitikarane på med å planlegge for to scenario: legge bybanen over Bryggen eller legge den i tunnel frå Lille Lungegårdsvannet til Sandviken. Endeleg vedtak skal skje til hausten.

Regjeringspartia seier dei ikkje legg nokon andre føringar enn at ein først skal forlenge Fløyfjellstunnelen.

– Så er det middel til å begynne bygging i første periode. Det gjer at bybanen kan stå klar og open så åsabuane kan bruke banen allereie i 2031, seier Charlotte Spurkeland (H).

Ho er bystyrepolitikar i Bergen og på 5.-plass på Høgres stortingsliste frå Hordaland.

Rapport bybanetrasé over Bryggen

OVER BRYGGEN? Bystyret har vedteke at bybanen mot Åsane skal gå over Bryggen, men det kan bli omkamp til hausten.

Foto: Michael Kloos / Michael Kloos planning and heritage consultancy

Åtvarar mot dyrare trase

Askeland er skeptisk til at bystyret til hausten kan komme til å vedta trasear for bybanen som blir dyrare enn den dei har gått inn for tidlegare.

– Alle aukar som fører til auka kostnadar åtvarar vi mot. Vi er nøydde til å vere opptekne av kontinuerleg utbygging, og då må kostnadane haldast nede, seier fylkesordføraren.