Hopp til innhold

Regjeringa etablerer naudvarsling på mobil

Nytt naudvarslingssystem vil sende deg pushvarsler om farar som ras, terror og atomhendingar.

Skilt om fjelloverganger med masse snø ved E16 Filefjell.

NAUDVARSLING: – Dette styrker eigenberedskapen og er eit løft for samfunnstryggleiken, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp).

Foto: Kjell Wold / Statens vegvesen

Frå februar får du varsel om farar som ras, terror og atomhendingar rett på mobilen din.

Det er eit viktig verktøy for å nå raskt ut med informasjon, seier justisminister Emilie Enger Mehl (Sp).

Nødvarselet er eit supplement til Sivilforsvarets sireneanlegg og varslingsrutinane til politiet.

– Det kan også innebere å gi beskjed om at faren er over, eller at noko som verkar veldig skremmande i mediebildet eller på sosiale medium i realiteten ikkje er ein fare, fortel Mehl.

Ho har tidlegare forklart at eit pushvarsel (ikkje ein SMS) vil kome opp hos alle som har mobiltelefon.

Det finst også ein backupløysing, sånn at om Telenor for eksempel skulle falle ut, så vil dei som har Telenor få varselet likevel, presiserte ho.

Regjeringa varslar samstundes at «neste skritt» er å få på plass ei ordning der politiet kan sende ut lokale og regionale nødvarsel.

Emilie Enger Mehl

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) demonstrerer bruk av mobiltelefon.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Auka støtte etter krigen i Ukraina

På grunn av krigen i Ukraina vedtok regjeringa i oktober å auke pengestøtta til fleire tiltak for å styrke beredskapen i Noreg.

Eit av tiltaka var nettopp naudvarsel på telefonen.

– Det er eit stort og viktig arbeid som er lagt ned i å få etablert dette systemet på nokre få månader, seier direktør Elisabeth Aarsæther i DSB i ei pressemelding.

Noreg har jobba mot å få på plass eit mobilt varslingssystem i fleire år.

I 2017 fekk Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) i oppdrag frå Justisdepartementet å undersøke korleis eit mobilt varslingssystem kunne supplere sirenevarslingane.

Les også: Hva gjør du når alarmen går?

Varslingssirene
Varslingssirene

Sirenevarslinga består av 1.250 ulende tyfonar (eller «flyalarmar») som er plassert rundt omkring i landet.

Det er brei semje om at dette systemet ikkje er dekkande for dei som bur utanfor dekningsområdet, eller for dei som er høyrselshemma.

Brøytebil på Sennaland i Finnmark

I løpet av første halvdel av 2023 skal også politiet kunne sende ut lokale og regionale naudvarsel.

Foto: Allan Klo / NRK

Ønsker systemet velkommen

– Eg synest eit nytt system høyrest veldig bra ut, om det varslar om at vegstrekningar blir stengd på grunn av rasfare, seier Tore Tonning.

Han og kona Sigrid Schulz blei ikkje varsla då vegen gjennom området dei bor i blei stengd under fleire store ras i Jølster for nokre år sidan.

Ein person omkom i rasa.

Les også: Vil lære av USA og innføre alarmvarsling på mobilen

I etterkant sende ekteparet brev til departementet for å få fortgang i innføringa av mobilvarsling.

Det er viktig at alle blir varsla så tidleg som mogleg. Det var ikkje tilfelle i 2019. Då visste vi ikkje at vegen var stengd, og det førte til at kona køyrde på den stengde vegen frå der vi bur.

Tore Tonning og Sigrid Schulz.

Tore Tonning og Sigrid Schultz sende brev til samfunnssikkerheitsministeren i 2019 for å få fortgang i innføringa av mobilvarsling.

Foto: Oddleif Løset

– Eit godt tillegg

Tidlegare Høgre-ordførar Sven Flo, i Stryn opplevde fleire tilfelle med uvêr då han sat med ordførarkjedet.

– Eg trur dette er eit godt bidrag til den nasjonale beredskapen, seier han.

Han legg til at det likevel ikkje er nok å basere seg på ei slik varsling.

I krisesituasjonar er det sjanse for at nettet ikkje fungerer.

Det skjedde under stormen Dagmar i 2011, som herja i mellom anna Stryn.

– Det er eit godt tillegg til å informere innbyggaren, men vi må ha backup på informasjonsflyten ut til innbyggarane.

Politikontakt i Nordhordland lensmannsdistrikt, Jan-Terje Brügger, seier det er eit ynskje å komme tidleg ut med god og påliteleg informasjon til folk.

Viss eit slik system som no er lansert kan hjelpe oss til det, er sjølvsagt politiet positive til det, seier han.

Les også: Brannsjef fortvilar – får ikkje varsla turistane om brannfare

Brannsjef i Stryn John Jatgeir Vinsrygg
Brannsjef i Stryn John Jatgeir Vinsrygg