Hopp til innhold

Regionmeldinga eit vonbrot for Følling

Det kommunalministeren la fram i dag gir ikkje grunnlag for å arbeide vidare med samanslåing av fylkeskommunar til regionar, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i Sogn og Fjordane.

Jenny Følling fylkesutvalet 7. desember 2015

– TYNNE GREIER: Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) vil ha lovnad om oppgåver først, så grenseendringar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) la i dag fram stortingsmeldinga om regionreforma. Men det han kunne love av overføring av statlege oppgåver til regionane var ikkje eigna til å inspirere Jenny Følling til vidare arbeid mot ein vestlandsregion.

– Viss dette skal vere ei oppgåvemelding så var den veldig tynn. Regionnivået må fyllast med oppgåver dersom dei ventar at fylka skal diskutere endringar av grensene.

– I førarsetet sjølv

Sanner nemnde ikkje vestlandsregionen spesielt. Men han sa at målet til regjeringa er å koma ned på om lag 10 regionar, mot dagens 19 fylkeskommunar. Dei einaste regionane han nemnde spesielt var Sørlandet og Trøndelag. I Trøndelag er det semje om at Trondheim blir regionhovudstad, medan Fylkesmannen skal halde til i Steinkjer.

– For dei andre fylka er dette ein invitasjon til å sette seg sjølv i førarsetet, til å ta leiarskapen i reformarbeidet, sa Sanner.

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H)

LOVA LITE AV OPPGÅVER: Kommunalminister Jan Tore Sanner (H).

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

– Gått ut på dato

– Dagens fylkesgrenser er så godt som identiske med amtsgrensene frå 1866. Einaste unnataket er at Bergen no er ein del av Hordaland. Det har vore store endringar i samfunnet sidan 1866. Dagens fylkeskommunar har gått ut på dato, sa Sanner på pressekonferansen.

Statsråden meiner at ei slik reform ikkje er sentraliserande.

– Eg er veldig usamd med dei som hevdar at det verkar sentraliserande å få færre regionar. Eg meiner det er eit godt verkemiddel nettopp for å avgrense sentraliseringa og til å få ei positiv samfunnsutvikling over heile landet.

– Vil sjå oppgåvene først

Frå fylkeskommunane har det kome krav om at oppgåver må overførast frå Staten til regionane om det skal skje ei reform. Sanner hadde ikkje så mange attraktive gulrøter å by på. Han nemnde nokre oppgåver som kan overførast, mellom anna ansvaret for kulturminne og friluftsliv og tilskot til private lufthamner. Resten kjem når talet på regionar er kome ned mot 10, sa han.

Fylkesordførar Jenny Følling er ikkje overraska over at regjeringa vil ha talet på regionar ned mot 10.

– Men eg er veldig overraska over at dei kan legge fram ei så tynn oppgåvemelding dersom det er 10 regionar som er ambisjonsnivået. Fylka vil ha oversyn over kva oppgåver som blir lagt i potten om vi skal diskutere regionar.

Dermed er det klart sprik mellom Sanner og Følling om kva rekkefylgje prosessen skal ha. Medan Sanner vil ha endring av regionar først og større oppgåver seinare, vil fylkesordføraren i Sogn og Fjordane ha det omvendt.

– Det er heilt klart. Vi vil sjå oppgåvene først. Det som blir avgjerande å sjå no er kva stortingsfleirtalet meiner.