Det er Rubicon som produserer serien om mafiabossen Frank Tagliano, spelt av Steven van Zandt, som reiser til Norge som ein del av eit vitnebeskyttelsesprogram. Han klarer aldri heilt å gje slepp på livet på feil side av lova, og serien er blitt veldig populær. Den mest sette episoden i sesong 1 hadde over 1,1 millionar sjåarar, og serien er tilgjengeleg på Netflix og selt til mange andre land.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
I den tredje sesongen vil Rubicon bruka bilete frå Refvik i Vågsøy i serien. Produsentane kontakta fotograf Bjarne Eldevik med spørsmål om å bruka litt av ein video han laga om bygda, som han la ut på Youtube for to år sidan.
– Å få levera bildemateriale til Norges største og dyraste TV-serie er ei stor æra for ein liten aktør som meg. Samstundes er det kjekt å visa bilete frå vårt distrikt i ein så stor produksjon, seier Eldevik.
- LES OGSÅ:
Eldevik sitt bidrag skal synast på ein TV-skjerm i episode 6 og 7 i sesongen, som har premiere til hausten.
Serien har eit budsjett på om lag 120 millionar kroner. Eldevik vart kontakta av Rubicon i juni.
– Det var handlingane og kommentarane i denne filmen som vakte stor interesse hjå produsentane, fortel Eldevik.
Litt over ein månad seinare ringde dei på nytt.
– Dei ville ha fleire bilete frå filmen til å bruka i serien. Det ville eg sjølvsagt bidra med, seier Eldevik.
- LES OGSÅ: