Faren for skogbrannfare er redusert, men folk bør framleis vere svært forsiktige

Det vesle som har kome av nedbør dei siste dagane har redusert faren for gras-, lyng- og skogbrann. Men framleis bør folk tenkje seg svært godt om før dei gjer opp eld i terrenget.

Brann på Frøya

FRYKTAR DETTE: Det er brannar i terrenget som denne på Frøya i Trøndelag brannvesenet fryktar. Ved Alarmsentralen ber dei folk framleis vere svært forsiktige med open eld i terrenget.

Foto: Helitrans

– Vi har ikkje hatt noko rotbløyte enno, og den vesle nedbøren som har kome vil tørke fort opp att. Så folk må vere varsame.

Det er den klare oppmodinga frå nestleiar Roy Humlestøl ved 110-sentralen i Sogn og Fjordane. Der har dei tilsette dei siste vekene måtte sende ut brannvesenet fleire stader på grunn av brann i terrenget.

Seinast i dag tidleg rykte brannvesenet ut etter melding om røykutvikling ved Grytås mellom Vadheim og Sande. Det viste seg at det var snakk om bråtebrenning, noko det for tida ikkje er lov til då brannsjefen i Gaular har lagt ned forbod mot open eld.

Redusert fare, men langt frå vekke

I fleire kommunar har brannsjefane lagt ned totalforbod mot open eld, og sagt at dette vil gjelde til det har kome nedbør av betyding. Dei dropane som har kome i helga er ikkje nok, understrekar Roy Humlestøl på Alarmsentralen.

– Eg vil absolutt anbefale at folk er forsiktige, seier han.

Også ved Vêrvarslinga på Vestlandet melder dei at nedbøren som har kome dei siste dagane har vore godt nytt for faren for brann i terrenget.

Statsmeteorolog Kristin Seter seier det er store variasjonar i kor mykje nedbør som har kome.

– Den nedbøren som har kome har iallfall redusert skogbrannfaren, men det har ikkje kome nok til at den er heilt vekke.

– Dei plassane der det har kome ein god del, der er det ganske blautt, men andre stader har det kome berre fem millimeter nedbør, og det er ikkje nok til å eliminere faren, seier ho til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Roy Humlestøl

FORSIKTIGE: Roy Humlestøl som er nestleiar ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane ber folk tenkje seg godt om før dei gjer opp eld. Fleire stader er det framleis forbode.

Foto: Privat

– Det er store variasjonar

Det er i hovudsak i innlandet det har kome nedbør, medan det framleis er tørrast på kysten. I Svelgen har det til dømes kome 21 mm nedbør, medan det i Stryn berre har kome 7 mm.

– Det er framleis lurt å vere obs. Det er på ingen måte å anbefale å springe ut å tenne opp bål, men faren er ikkje så stor enno, seier ho.

Dei siste vekene har folk i Sogn og Fjordane blitt godt vande med til dels sterk vind. Også denne gir seg litt i dagane som kjem, seier meteorologen.

-- Det er framleis ein del vind, men ikkje så mykje. Det er meldt om liten kuling utsette stader, og det kan bli stiv kuling i fjellet og på kysten, seier Seter.

– Folk må vere forsiktige

Vêret vil halde seg relativt mildt, og det vil kome noko nedbør utover veka. Seter understrekar at sjølv om faren for gras-, lyng- og skogbrann er redusert, er den der enno.

Også på Alarmsentralen i Sogn og Fjordane ber dei folk gjere det dei kan for å vere på den sikraste sida.

– Folk må vere forsiktig, også på det å til dømes hive frå seg sneipar og liknande. Tek det fyr, kan det få store konsekvensar, seier nestleiar Roy Humlestøl.

Han seier det er brannsjefane i den enkelte kommune som bestemmer om eventuelle forbod mot open eld, og ber folk ta kontakt med brannsjefane om dei er usikre.

– Det er store variasjonar frå stad til stad. Tenk på det, og ta kontakt med lokalt brannvesen om du skal brenne noko, seier Humlestøl.