Hopp til innhold

Klart råd til ungdommar som badar: – Ver minimum tre-fire stykk

Ungdom i 13-14-årsalderen treng ikkje å ha med foreldre når dei badar. Men ingen skal bade åleine, seier Redningsselskapet.

Jenter badar ved den populære badeplassen Sponavikjo på Stord.

SKULEFERIE: Neste veke tek skuleelevane sommarferie og vil trekkje mot badeplassane i finvêret. Mange unge reiser på badetur åleine med vener.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Eg hugsar at dei andre fekk lov før meg. Men eg masa på mamma, og fekk lov når dei andre fekk lov, seier Thea Traa Ludvigsen (17).

– Det er nok vanskeleg å vere forelder og skulle seie nei, dersom andre ungar får lov av sine, seier Nora Røhne Ekse (18).

Dei fekk lov til å reise på badetur åleine då dei var mellom ti og tolv år.

Sola skin og det er over 25 grader på den populære badeplassen Sponavikjo på Stord. Det myldrar med badeglade vennegjengar.

Fleire stader går no debatten om bading og aldersgrenser. Når er det trygt å sleppe ungane av garde på eiga hand – utan foreldra sitt overvakande blikk?

Frå venstre: Nora Røhne Ekse, Helle Bjelland Vik og Thea Traa Ludvigsen

BADEGLEDE: – Eg tenkjer på søstera mi som er tolv, så eg skjønnar at mamma syntest at det var skummelt å la meg reise då eg var like gamal, seier Thea Traa Ludvigsen (til høgre). Her saman med Nora Røhne Ekse og Helle Bjelland Vik.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Tatt av straumen

I Sunnfjord denne veka måtte ein mann gripe inn og redde to jenter som var tatt av straumen i den flaumstore Jølstra.

«Håper alle kan minne dei unge lovande om at straumen er utruleg sterk, og mykje sterkare enn det ser ut som», skreiv mannen i ein statusoppdatering, og bad foreldre om å ta ein prat med ungane slik at det kan bli ein sommar med «bademoro utan at nokon treng å drukne».

På Bømlo drukna ein 14 år gammal gut under bading 13. juni.

Ifølgje Redningsselskapet sin drukningsstatistikk omkom 30 personar i badeulukker i perioden 2017-2019.

Foreldra sitt ansvar

– For ungdom i 13-14-årsalderen er det vanleg at dei reiser og badar åleine. Det skal dei få lov til, for det er ein fin aktivitet, seier Eigil Andersen i Redningsselskapet.

Han er likevel klar på at bading er «ein saman-aktivitet», og ikkje ein åleine-aktivitet.

– Ver minimum tre-fire stykk, for viss uhellet skulle vere ute, så kan ein hente hjelp og dei andre kan drive kamerat-redding, seier han.

I tillegg bør foreldra sørgje for å lære ungane grunnleggande livredding, seier han.

– Eg trur at dei fleste foreldre har kjent på at det kan vere vanskeleg å setje grenser, men eg tenkjer at dette enkelt og greitt er livsviktig.

– Bør ha tilsyn

Han får støtte frå Øystein Erland, som er fagansvarleg for svømming i Førde Idrettslag og instruktør for Open Water svømming.

Øystein Erland

– MÅ PASSE PÅ: Svømmetrenar Øystein Erland meiner at ingen bør bade utan tilsyn, og ber vaksne passe på.

Foto: Privat

Ingen bør dra på badetur åleine, seier han.

– Sjølv om ein er svømmedyktig, så kan alle få problem ute i vatnet.

Det er ingen formelle aldersgrenser for å bade åleine, men alle bør likevel sørgje for at dei har nokon med seg, seier han.

– Ein seksåring som er særs god å svømme, kan bada i vatn med tilsyn frå land.

Appellen er klar:

– Ikkje ta unødvendige sjansar, og bli kjend med badevettreglane.