Hopp til innhold

Vil gjere redningsbasen i Florø fast - ordføraren jublar

– Basen for redningshelikopter i Florø skal bli fast base for redningshelikopter, seier statssekretær i Justisdepartementet, Hans J. Røsjorde.

Sea King-helikopter i Florø

GAMMAL SLITAR FÅR AVLASTING: Om få år blir Sea King-helikopteret bytta ut med ein annan type helikopter. Når det skjer, blir basen i Florø permanent og får fast mannskap.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Hans Røsjordet

LOVAR OPPGRADERING: Statssekretær i Justisdepartementet, Hans J. Røsjorde, seier Florø-basen blir fast mår dei nye redningshelikoptera er på plass om nokre år.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Redningsbasen i Florø vart oppretta i 2009, men ikkje vore permanent. Men så snart dei nye redningshelikoptra er på plass blir basen fast, seier Røsjorde.

– Etter planen er det tenkt at Florø skal bli fast base på linje med dei andre basane i landet.

Blir henta frå andre basar

Redningsbasen i Florø har sidan 2009 hatt status som mellombels base der mannskap og helikopter blir henta inn frå andre basar. Men i løpet av året vil vedtaket vere klart om å gjere basen fullverdig, på linje med Banak, Bodø, Ørland, Sola og Rygge.

Då får basen fast mannskap og helikopter. Røsjorde meiner det vil skje så snart dei 16 nye redningshelikoptra er på plass, det vil seie mellom 2017–2020.

– 2020 er det året der dei siste leveransane av nye helikopter skal vere på plass. Det vil alltid vere ei utfordring knytt til å få ei teneste operativ, så eg må vere litt varsam med å seie når Florø er inne på lik linje med dei andre basane, seier han.

– Dette er viktig for Flora

Bengt Solheim Olsen

GLER SEG: Ordførar i Flora, Bengt Solheim-Olsen, seier det betyr mykje for kommunane at basen blir fast.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

For ordførar Bengt Solheim-Olsen i Flora er dette ei gledeleg nyheit at det formelle vedtaket endeleg kjem.

– Det er grunn til å gjere champagnen klar til å sprettast, seier han.

For ikkje berre får dei flunkande nye helikopter, ringverknadane av ein fast base vil også vere betydelege.

– Det er viktig ut frå den totale beredskapen. Det blir ei dobling av talet på redningshelikopter i Florø. I tillegg betyr dette 30–40 arbeidsplassar når fleire vil få sin faste arbeidsplass i Florø. Difor vil dette få ringverknadar for Florø i tillegg til den auka beredskapen, seier han.

330-skvadronen i Florø

BLIR FULLVERDIG BASE: Om nokre år blir det fast mannskap ved redningsbasen i Florø. I dag blir mannskap henta frå andre basar.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK