Hopp til innhold

– Gjorde kjempeinnsats for å berge kollegaene

Tre personar vart skadde og sende til sjukehus etter at terrengkøyretøyet dei sat i køyrde utfor ein skrent på Rallarvegen natt til tysdag. Arbeidsgjevaren rosar tilsette for hjelpa dei gav kollegaene.

Ulukke med firehjuling på Rallarvegen i Aurland

DRAMATISK: Bilen er registrert for fire personar. Det førebels uvisst kva som er årsaka til utforkøyringa.

Foto: Politiet

Politiet fekk melding om utforkøyringa på Rallarvegen klokka 03.18. Ulukka skjedde nær Myrdal stasjon på Bergensbanen i Aurland. Det er uvisst kor skadde dei er, men to vart flogne til sjukehus i Bergen og ein til sjukehuset i Lærdal.

Ulukka skjedde i tilknyting til eit anlegg der Mesta byggjer eit snøoverbygg for Bane Nor. Men utforkøyringa skjedde utanfor anleggsområdet etter eit fagforeiningsmøte.

– Hjelpte kollegaene

Mesta opplyser i ei pressemelding at dei tre involverte er ein Mesta-tilsett, ein innleigd montør og ein representant frå Norsk Arbeidsmandsforbund (NAF).

– Arbeidarane på anlegget vart kalla ut for å hjelpe til. Dei gjorde ein kjempeinnsats med å rydde terrenget for å få dei skadde opp til Rallarvegen, og ta vare på dei til helsepersonell kom til staden, seier kommunikasjonssjef i Mesta, Eskil Sand.

Vil besøke arbeidarane

Han opplyser at bedriftshelsetenesta og leiinga i Mest vil besøke arbeidarane tysdag kveld for å gå gjennom hendinga.

Dei tre var på veg til Vatnahalsen der dei skulle overnatte i ei brakke, opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt. Dei tre køyrde på Rallarvegen som er ein gamal anleggsveg som går langs Bergensbanen i dette området. Vegen er ein populær sykkelveg om sommaren.

Ulukke med firehjuling på Rallarvegen i Aurland.

ULUKKE: Dei tre i bilen varsla sjølve om utforkøyringa. Det vart då sett i gang ein større bergingsaksjon.

Foto: Politiet

Stor redningsaksjon

Det vart raskt sett i gang ein større redningsaksjon der seks personar frå Røde Kors, redningshelikopter og mannskap frå brannvesenet og ambulansetenesta deltok.

Det skal vere svært bratt i området, og vanskeleg å kome til. Røde kors vart difor varsla, då dei har køyretøy som gjorde det enklare å kome til.

– Årsaka til ulykka er så langt ukjent. Det er ingen opplysningar som indikerer påverknad av alkohol eller anna, opplyser Kolltveit.

Alle var bevisste

Dei tre er alle menn i 30-, 40- og 60-åra.

– Vi har fått beskjed om at alle tre var vakne og bevisste, men at dei vart påført ulike typar skadar. Det er ukjent for oss kva slags skadar den enkelte har fått.

Kolltveit opplyser at UTVen var registrert for fire personar.

Mesta har i fire år jobba med å skifte ut gamle snøoverbygg på Bergensbanen på oppdrag for Bane Nor. Dei som var involverte i nattas ulukke jobbar med å byggje eit nytt 275 meter langt overbygg ved Kleven, like aust for Myrdal stasjon.

– Arbeidet på høgfjellet skjer hovudsakleg om natta når det går få tog. Til tider vert det også gjort ein del dagarbeid som ikkje krev tilgang til sporet. Anleggsarbeidet startar kvart år i april og er ferdig i månadsskiftet oktober/november, forklarar Sand.

RALLARVEGEN: Ulukka skal ha skjedd på Rallarvegen søraust for Seltuftvatnet mellom Kleven bru og Myrdal stasjon.