Redningsaksjon på høgfjellet på Voss – turgåar funnen kald og medtatt

Ein mann i 20-åra gjekk seg vill i 1300 meters høgde på Voss i natt. Like før klokka 08.30 blei han funnen. – Han verkar ved godt mot, seier operativ leiar i Røde Kors.

Rednignsaksjon på Voss

REDNINGSAKSJON: Røde Kors, Norske Redningshunder og politiet var med på redningsaksjonen.

Foto: Voss Røde Kors Hjelpekors

Politi, Røde Kors og Norske Redningshunder rykte i morgontimane måndag ut til fjelltoppen Lønahorgi i Voss herad etter at ein 20 år gamal turgåar gjekk seg vill.

Politiet fekk melding via AMK klokka 05.06. Det var mannen sjølv som ringde naudnummeret då han ikkje klarte orientera seg.

– Det er ganske dårleg vêr. Det blæs ganske mykje og regnar godt, seier operasjonsleiaren klokka 05.20.

LØNAHORGI: Toppen på 1410 moh. ligg rundt åtte kilometer nord frå Vossevangen i Voss herad.

Tok gondolbane sundag kveld

Mannen tok gondolbana opp klokka 22 går kveld. Taubana går fra ein nedre terminal ved Voss jernbanestasjon til ein øvre terminal på toppen av fjellet Hanguren, om lag 820 meter over havet.

Han har deretter gått vidare til Lønahorgi. På veg ned igjen skal mannen ha gått seg vill.

Måndag morgon er det varsla opp mot liten kuling i området.

Politiet har klart å finna posisjonen til mannen ved hjelp av 20-åringen sin mobiltelefon. Han skal vera nær toppunktet på fjellet, som ligg 1410 meter over havet.

Klokka 06.45 opplyser politiet at Røde Kors og politipatruljen har etablert seg ved Tråstølen i Bavallen. Målet er å køyra ATV så langt vegen går i retning av toppunktet og deretter ta seg vidare til fots.

Redningsaksjon på Voss

DÅRLEG VÊR: Det var mykje vind og regn i området der 20-åringen gjekk seg vill.

Foto: Voss Røde Kors Hjelpekorps

Rykker ut med ATV

Tre personar frå Røde Kors hjelpekorps på Voss deltek i redningsaksjonen på Voss, opplyser operativ leiar Solfrid Hjelle.

Hjelpekorpset nyttar ein ATV i første del av turen.

– Det er eit stykke å gå, så det kjem til å gå nokre timar, fortel Hjelle.

Ho anslår at turen frå Hanguren til Lønahorgi, som mannen har gått, tek tre-fire timar.

Det har regna kraftig på Voss siste døgeret, med snø i høgfjellet, seier ho.

Lagt seg under fjellduk

Når NRK snakkar med politiet like over klokka 06 fortel Algrøy at mannen skal ha fått litt meir varme i seg.

– Han er framleis våt og kald, men skal ha fått litt meir varme i seg. Mannen har med seg ein fjellduk han har fått lagt seg under, opplyser operasjonsleiar Per Algrøy.

Med unntak av den uisolerte fjellduken, er mannen utan særleg utstyr.

Klokka 06.45 opplyser Algrøy at politiet på ny har vore i kontakt med mannen.

– Kleda er våte og han er kald. Han er i bevegelse for å halda varmen, men har fått beskjed om å halda seg i ro til me kjem, seier operasjonsleiaren.

Den nøyaktige posisjonen gjer politiet ganske sikre på at dei vil finna mannen i løpet av rimeleg tid.

– Me meiner å ha ein ganske god posisjon på denne mannen, så me meiner me skal finna han greitt, seier Algrøy.

Funnen i god behald

Litt over klokka 08.30 kom Røde Kors fram til mannen. Då var han eit stykke frå stien, på rundt 1300 meters høgde rett under Lønahorgi.

– Han er sjølvsagt våt og kald slik været er no. Mannskapa har med klede og mat til han. Han verkar ved godt mot, seier operativ leiar Solfrid Hjelle til NRK.

Det er kaldt og surt i høgfjellet.

– Mannskapa seier det er tett skodde og regn i området, med innslag av snø.