Hopp til innhold

Redningsaksjon på Askøy

Det går føre seg ein større leiteaksjon i Åsebø på Askøy, etter at ein mann i 50-åra er sakna etter ein tur tidlegare i dag. Politiet opplyser at han gjekk på tur med sonen, men at dei kom frå kvarandre undervegs. Rundt 30 personar frå Røde Kors hjelper til med å leite, i tillegg til mannskap frå Norske redningshundar.