Hopp til innhold

Redningsaksjon i Fusa

Politi, luftambulanse og frivllige er i redningsaksjon på Fusafjellet etter at ein turgåar har gått seg fast. – Det er bratt og tett med skog. Me må sjå korleis me får hjelpt han ned, seier operasjonsleiar Stine Mjelde. Mannen skulle gå den gamle postvegen mellom Strandvik og Venjaneset då han gjekk seg bort. Sju hundeekvipasjer frå Norske redningshundar og Røde Kors frå Fusa leitar etter mannen, som ringte politiet kl 15.39. – Me har telefonkontakt med mannen, seier Mjelde.