Hopp til innhold

Røde Kors: – Til tider veldig krevjande

Etter ei lang og krevjande natt blei 11 personar redda ned frå fjellet Ovaldsnuten i indre Hardanger. Turfølgjet var ein del av eit sankelag som leita etter sauer.

Redningsaksjon

UTFORDRANDE: Slik var vêret under redningsaksjonen på Ovaldsnuten.

Foto: RØDE KORS

Først blei fire personar henta ned frå 1200 meters høgde med helikopter laurdag kveld.

– Vi prøvde fleire gonger med ulike helikopter gjennom natta, men vêret var for dårleg, seier operasjonsleiar i politiet, Tatjana Knappen.

På grunn av dårleg vêr var det ikkje mogleg å hente ned dei resterande sju med helikopter. Dei blei henta av mannskap frå Røde Kors og innlosjert på nokre hytter ved Krokane. Personane er slitne og prega av det som har skjedd, men i godt humør.

Ein av dei som var med på redningsaksjonen er aksjonsleiar i Røde Kors, Tor Larssen Sekse. Han fortel om utfordrande forhold i fjellet.

– Det var mykje vind og ti centimeter med snø på bakken. Til tider var det veldig krevjande, seier han.

Slitne og kalde

NRK var laurdag kveld i kontakt med ein av bøndene i sankelaget. Bonden har sjølv vore ein del av sankinga, men er nede frå fjellet.

Han vil ikkje uttale seg med namn, men fortel til NRK at han er fortvila over situasjonen.

– Nokre av sankarane vart utslitne, og kom ikkje seg vidare. Dette er folk som har sanka i heile dag og nokon av dei har gått seg tomme for krefter.

Bonden fortel om eit forferdeleg ver i området, men at personane skal vere bra utrusta.

– Når ein går slike lange dagar i terrenget er det lett å gå seg tom for krefter, det kan skje før ein veit ordet av det.

Svært dårleg vêr – 1200 meter over havet

Vakthavande meteorolog Per Egil Haga ved Meteorologisk institutt kunne melde om dårleg vêr oppe i 1200 meters høgde i området.

– Bygevêr, med snø eller sludd. Det bles kraftig vestavind. Om dei er eksponert for vestavinden kan han blåse i liten – stiv kuling, opptil 12–15 sekundmeter.