Ved 14-tida søndag køyrde ein bil på sjøen ved Rabbholmen i Austevoll kommune.
Klokka 17 stadfestar politiet at ein mann er omkomen i ulukka.
Det var eit eldre ektepar frå området som var involverte i ulukka. Berre mannen var i bilen.
Politiet fekk melding om ulukka klokka 14.33.
Mannen blei henta opp av ein tilfeldig person som kom til staden. Det blei sett i gang førstehjelp før naudetatane kom fram.
– Mannen blei etter kvart stadfesta omkommen og erklært død av lege på staden, skriv Dahl-Michelsen i ei pressemelding. Dei pårørande er varsla.
På to meters djup
– Akkurat no er det uklart kor lenge bilen har vore i sjøen, sa Håkon Myking, vaktkommandør ved 110 Vest ved 15-tida.
Luftambulanse, brannvesen, helsepersonell og politiet rykte ut til staden.
– Me jobbar med å avklara kva som har skjedd, seier operasjonsleiar i politiet, Knut Dahl-Michelsen.
Det var BT som melde om ulukka først. Det vart først meldt at det var fleire personar i bilen, men dette viste seg å ikkje stemma.
Bilen er ein vanleg personbil. Han hamna på ca. to meters djup og var ved 17-tida henta opp att og frakta på land.
Austevoll ligg mellom Bergen og Stord.
– På noverande tidspunkt er det ikkje mogleg å seia noko sikkert om kva som har skjedd, seier Dahl-Michelsen.
Politiet skal etterforska saka vidare.
Kona til mannen blir vareteken av helsepersonell. Det kommunale kriseteamet er varsla.
Sende mayday-melding
Oddgeir Andersen, redningsleiar hjå Hovudredningssentralen i Sør-Noreg stadfestar at dei var involverte i aksjonen.
– No er naudetatane på staden, inkludert luftambulanse, ambulansebåt og kystvaktfartøyet KV «Tor», sa han klokka 15.30.
Han fortel at Kystradio Sør tidleg gjekk ut med ei mayday-melding for å få tak i hjelp.
Dei bad då om båtassistanse frå båtar med dykkarar og kran.
– Mange fartøy melde seg og gjekk i retning ulukkesstaden, seier Andersen.
Det vart òg mobilisert dykkarar frå Bergen og Os.