Hopp til innhold

Varslar store klimakutt: Norsk skipsfart skal halvera utslepp innan 2030

BERGEN (NRK): Rederiforbundet planlegg å halvera utsleppa frå den norske flåten allereie i 2030. – Ambisiøst og krevjande, men nødvendig, seier statsministeren.

MS "VIKING ENERGY" - EIDESVIK OFFSHORE AS

GÅR PÅ AMMONIAKK: «Viking Energy», eigd av Eidesvik, skal byggjast om til å gå på ammoniakk. Det blir verdas fyrste brenselscelle drive på ammoniakk.

Foto: Harald M. Valderhaug / NCE Maritime CleanTech

Rederiforbundet lanserte i dag sin nye klimastrategi fram mot 2050. Den har fleire nye mål for norsk skipsfart:

  • Utsleppa frå den norske flåten skal halverast innan 2030.
  • Innan 2050 skal flåten vera karbonnøytral.
  • Dette målet skal ein nå ved å berre kjøpa skip som ikkje gir utslepp innan 2030.

– Ingen har betre høve til å leia utviklinga av grønn maritim teknologi enn Noreg, seier administrerande direktør i Norges rederiforbund, Harald Solberg.

Statsminister Erna Solberg var også til stades då strategien blei lansert.

– Dette er ambisiøst og spennande. Det bli krevjande. Men eg trur likevel det er heilt nødvendig, seier statsministeren.

Den nye strategien er vesentleg meir ambisiøs enn den gamle. I Norges rederiforbund sin rapport om berekraft frå i fjor, var måla dei same som FN sin sjøfartsorganisasjon (IMO) sine. Deira strategi seier at utsleppa skal halverast innan 2050. Sjøtrafikken skal etter deira plan nå nullutslepp i år 2100.

Hydrogen, ammoniakk og straum

Rederiforbundet trekk fram mange verkemiddel dei ynskjer at myndigheitene skal vera med på for å nå måla sine:

  • Målretta forskings- og utviklingsmidlar knytt til utvikling og testing av nullutsleppsløysingar
  • Etablera eit forskings- og utviklingsfond for nullutsleppsteknologi i regi av IMO
  • Etablera marknadsreguleringar som gjer det lønnsamt å bestilla nullutsleppsteknologi om bord på skip så raskt som mogeleg og seinast frå 2030
  • Etablera eit klimanøytralt forbod mot drivstoff som ikkje er klimanøytralt innan 2050

– Staten kan sjølvsagt vera med på å hjelpa til med forsking og utvikling, men den maritime næringa treng også privat kapital for å gjera desse investeringane, seier Erna Solberg.

Blant løysingane som blei presentert for å redusera utsleppa, var bruken av batteri og brenselsceller som går på hydrogen og ammoniakk.

Mellom anna skal forsyningsskipet Viking Energy gå på amoniakk frå 2024. Skipet er eigd av reiarlaget Eidesvik. Det blir det fyrste skipet i verda som skal byggjast om til å gå på ammoniakk.

Zinus-produkt for landstrøm i Bergen havn

LANDSTRAUM: Å kunne bruka batteri og lada skipa når dei ligg til land, var ein av løysingane som blei presentert i dag. Her frå eit landstraumanlegg i hamna i Bergen.

Foto: Peter Tubaas / LOS Gruppen

Reiarlaget Østensjø byggjer no fire båtar som skal gå på hydrogen.

– Dette er dyrt. Me kunne ikkje gjennomført det utan støtte frå Enova og kundane våre, seier investeringsdirektør Håvard Framnes.

Han meiner dei kan ha skip som ikkje gir utslepp innan tre til fem år, om dei får meir støtte til å utvikla teknologien.

Vil vera leiande

Det var for to år sidan at The International Maritime Organization (IMO), FN sin sjøfartsorganisasjon, vedtok eit mål om å halvera utsleppa frå den internasjonale skipsfarten innan 2050.

Dåverande klima- og miljøminister Ola Elvestuen uttalte den gong at det var ein milepæl og kalla avtalen skipsfarten sin Paris-avtale. Han håpte også norsk skipsfart kunne visa veg.

– Me trur det er nødvendig å vera så ambisiøse. Me er tydelige når me seier at vårt mål er å berre bestilla skip basert på nulltutsleppsteknologi frå 2030 av, seier administrerande direktør i Norges rederiforbund, Harald Solberg.

Elektriske ferjer innan 2025

Den fyrste elektriske ferja i verda vart bygd på Fjellstrand verft i Hardanger. «Ampere» kom i drift på E39 mellom Oppedal og Lavik i 2015. Regjeringa har bestemt at alle ferjene i landet skal vera elektriske innan 2025.

– Ei tradisjonell ferje brukar gjerne mellom frå ein halv million til ein million liter diesel i løpet av eit år, sa utviklingssjef Edmund Tolo i Fjellstrand verft då ferja var ferdigbygd.

Bilferja Ampere

HEILELEKTRISK: Den heilelektriske bilferja "Ampere" på veg over Sognefjorden.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK