Hopp til innhold

Legevakta reddar liv kvart år med videochat

Skip på alle verdshava tek kontakt heile døgnet for å få naudsynt legehjelp. Nye tekniske løysingar gjer at legane på Haukeland kan redde fleire, sjølv om dei er tusenvis av mil unna.

Rado Medico på Haukland sykehus hjelper sjøfolk over hele verden med hjelp av avansert teknologi.

Med riktig utstyr installert på skipet, kan legane hjelpe pasientane med videochat. Legevakta for sjøfolk blir kontakta meir enn 2000 gangar årleg.

Radio Medico Norway har vore på vakt for sjøfolk sidan 1949.

Arne Ulven

ENORMT FRAMSKRITT: Forskingssjef Arne Ulven seier det er eit enormt framskritt at legane no stadig oftare har moglegheita til å sjå pasientane dei skal hjelpe.

Foto: Steinar Nedkvitne / NRK

Dei seks legane som arbeider der er tilgjengelege heile døgnet, og i 2013 svara dei 2700 førespurnader om hjelp.

Mykje av hjelpen gir dei framleis over telefon, men fleire og fleire skip kan no kommunisere med legane med video.

– Det er eit enormt framskritt. Det er veldig vanskeleg å danne seg eit skikkeleg bilete av pasienten, når ein berre kan snakke på telefon, seier forskingssjef, Arne Ulven.

Knut Møgster fekk livet i gåve

Knut H. Møgster

VART REDDA: Knut H. Møgster er ein av dei som har fått hjelp av Radio Medico.

Foto: NRK

Knut H. Møgster var mannskap på fiskefartøyet MS Slaaterøy, då ei alvorleg ulukke skjedde utanfor Irland for ni år sidan. Han redda livet fordi han fekk hjelp frå Radio Medico.

– Eg hadde eit lukka kraniebrot, og var medvitslaus og ganske langt vekke. Hjelpen eg fekk var avgjerande for at det gjekk så bra som det gjorde, fortel han.

Utan Radio Medico hadde me vore utan den viktige tryggleiken på sjøen.

MS Slaaterøy

Knut H. Møgster var om bord på MS Slaaterøy då det skjedde ei alvorleg ulukke.

Foto: NRK

– Kan bety skilnaden på liv og død

Mykje har endra seg sidan Radio Medico starta opp for 75 år sidan. Fram til 1984 vart tenesta utført av berre ein person. At legane i dag kan sjå pasientane på skip som har det riktige utstyret, kan bety skilnaden på liv og død.

– At det gjer ein skilnad, kan me vere heilt sikre på, seier Hege Sofie Imsen som er medisinsk ansvarleg.

Av dei som tek kontakt og ber om hjelp er dei fleste norskeigde skip, men dei hjelper òg andre. Alle delar av sjøfartsbransjen er representerte.

– Betyr mykje når ein er langt frå land

Jan Kåre Næss er kaptein i reiarlaget Odfjell og har vore på havet i nærare 40 år. Han har ringt Radio Medico etter hjelp opp til fire gangar kvart år.

– Eg hugsar godt ein gang me var 14 timar utanfor Los Angeles. Ein av mennene om bord hadde fått det som viste seg å vera akutt blindtarmsbetendelse. Legen sa at me måtte skunde oss til land fordi det var fare for at han kunne døy av det.

Kystvakta kom med helikopter, og legane om bord der byrja straks å operere på mannen på veg inn til land.

– Han ville ikkje overlevd om me ikkje hadde fått hjelp av Radio Medico, seier Næss.

Næss har brukt Radio Medico både i alvorlege tilfelle og i mindre saker der han sjølv har fått rettleiing i kva han kan gjere.

– Eg kan trå til sjølv viss det handlar om å lappe saman eller sy eit sår.

Radio Medico betyr mykje når ein er langt frå land og legar, fortel Næss.

– Det er godt å tenkje på at eg kan ringje dei dersom det skulle skje noko.