Etter tøffe forhandlingar er SV samde med Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Kristeleg folkeparti om framtida for dei vidaregåande skulane i Hordaland.
Resultatet er langt færre nedleggingar enn det opplæringsdirektøren la opp til i sitt framlegg, som vart presentert i april.
– Me ser at dette er viktige skular for lokalmiljøa, næringslivet og distrikta, seier Emil Gadolin (Ap) til NRK.
– Men gjer de store nok grep for å sikra økonomien til fylkeskommunen?
– Me vil utan tvil greia å spara på dette, og me greier å halda oss innanfor rammene når det gjeld investeringar. Så eg er trygg på at dette vil føra til eit større økonomisk handlingsrom, svarar Gadolin.
Jubel i Nordhordland
Austrheim vidaregåande skule er blant dei nedleggingstruga skulane som vert berga.
– Eg er glad for at me saman med dei andre partia har komme fram til at reisetida for elevane ville vorte for lang om denne skulen hadde vorte lagt ned, seier Alexander Fosse Andersen (Sp).
Som NRK har fortalt, ville elevar frå fleire kommunar fått opp mot to timar skuleveg om nedlegginga av Austrheim hadde vorte ein realitet.
Men for Rubbestadnes vidaregåande skule, som er kåra til Noregs beste skule, går det mot slutten.
Her er det dei fire partia har blitt einige om:
- Austrheim vidaregåande, Fitjar vidaregåande og Olsvikåsen vidaregåande vert vidareført.
- Rubbestadnes vidaregåande vert nedlagt, men fagtilboda vert flytta til Bømlo vidaregåande.
- Etne vidaregåande vert nedlagt, men fagtilboda vert flytta til Ølen vidaregåande.
- Hjeltnes vidaregåande vert nedlagt.
- Bergen maritime vidaregåande vert nedlagt, delar av fagtilbodet vert flytta til Laksevåg vidaregåande.
- Laksevåg vidaregåande får behalda tilbodet i studiespesialiserande fag.
Partia er òg samde om at Fitjar vidaregåande, Olsvikåsen vidaregåande og studiespesialiseringstilbodet ved Laksevåg vidaregåande skal vidareførast.
Samlokalisering i Bømlo
I Bømlo vert Rubbestadnes vidaregåande skule nedlagt, men fagtilboda på skulen skal ifølgje partia verta verande i kommunen, og flyttast til Bømlo vidaregåande skule på Svortland.
– På Bømlo har me eit rikt næringsliv. Dei gjer ein fantastisk innsats for lærlingar i regionen. Me håpar at samlokalisering kan styrka fagmiljøa, seier Emil Gadolin (Ap).
Fylkestinget har også tidlegare vedteke ei samlokalisering av dei to skulane i Bømlo. Også næringslivet i kommunen har gitt utrykk for at dei aksepterer at to skular vert ein.
Etne vidaregåande skule skal leggjast ned, men skuletilbodet skal flyttast til Ølen vidaregåande skule i Rogaland. Dermed går det mot at Hordaland fylkeskommune trekkjer seg ut av kulturhuset Skakkesenteret, som fylkeskommunen var med på å etablera i 2012.
Ein klausul i avtalen gjer at Etne kommune må kjøpa fylkeskommunen ut av kultur-, idretts- og skulesenteret.
Også Hjeltnes vidaregåande skule skal leggjast ned.
Partia, som utgjer fleirtalet i fylkespolitikken, står fast på administrasjonen sitt forslag om å leggja ned Bergen maritime vidaregåande skule, og flytta delar av studietilbodet til Laksevåg vidaregåande skole.
– Kampen mot fråfall viktigast
Kristeleg folkeparti, Arbeidarpartiet og Senterpartiet manglar ein representant i fylkestinget for å ha fleirtal åleine. At dei får støtte frå SV gjer at det utkrystalliserer seg eit fleirtal på fylkestinget.
– Kampen mor fråfall er vår viktigaste sak. Skular som Fitjar og Austrheim gjer ein viktig jobb for å hindra fråfall. Derfor var dette viktig for oss å få med, seier Marte Hammer (SV).
– Det er viktig for oss å visa at me tar konstruktive innspel på alvor. Derfor har me mellom anna konkludert med at me ønskjer å behalda Fitjar, seier Tor Andre Ljosland (KrF).
Skulebruksplanen vert endeleg vedtatt på fylkestinget 4. oktober.