Hopp til innhold

Turgåarar redda sau som låg på ryggen

Under ein fjelltur oppdaga Rune Grønfur og kona tilfeldigvis noko brunt med føter som stod i vêret. Det viste seg å vere ein sau som låg på ryggen, noko den hadde gjort i nær to døgn.

Sauen Pokemon og bonde Rune Årdal

TAKKAR REDNINGSMANNEN: Sauen Pokémon og bonden Rune Årdal.

Foto: Åsta Urdal / NRK

– Under turen trefte vi to damer, som sa at dei hadde sett noko eit stykkje frå støylen. Eg hadde kikkert med, og såg at det var fire bein som stod opp i lufta. Då skjønte eg at det var eit dyr som låg på rygg.

Rune Grønfur og kona gjekk ved Ålhus i Jølster då dei fann sauen, som låg over hundre meter frå vegen.

– Eg trudde den var omtrent daud. Men vi fekk velta han over, og etter kvart greidde vi å gje han vatn.

Takknemleg sauebonde

Sauen, som er døypt Pokémon, høyrer til bonden Rune Årdal. Grønfur fekk etter kvart kontakta bonden, som kom køyrande med traktor. Etter å ha sjekka GPS-sporinga på sauen, fann Årdal ut han har låge der i omtrent to døgn.

Sauen Pokemon

OVERLEVDE TO DØGN: Sauen Pokémon klarte seg trass lange timar på ryggen.

Foto: Åsta Urdal / NRK

– Vanlegvis når ein sau hamnar på ryggen er den ferdig i løpet av ein halvtime. Den sauen her låg nok litt på sida, og det gjorde at han greidde seg, fortel sauebonden.

Han er glad for at Grønfur tok ansvar og kontakta saueeigaren, og hevdar at turgåarane har gjort alt rett.

– Det viktigaste ein gjer er å få dyra på føtene igjen. Dei som fann sauen her gav han vatn, og det er vatn sauen treng, fortel Årdal.

Men sjølv hevdar Grønfur at han ikkje er spesielt vand med dyr.

– Eg har aldri opplevd liknande, så eg var litt i stuss over kva eg skulle gjere. I tillegg falt han nesten uti ein vasspytt, og eg greidde så vidt å dra han på land før han drukna, fortel sauehelten.

– Ring om du ser noko gale

Bonde Rune Årdal fortel at det er viktig at folk seier ifrå når dei kjem over skadde dyr.

– Dersom nokon ser at noko er feil bør ein sjekke nummeret til eigaren, og gi beskjed. Så kan vi vurdere kva som bør gjerast.

Sauen Pokémon kjem til å klare seg fint, til trass for to døgn på ryggen. Men nokre spor har hendinga sett.

– Sauen har begynt å bli litt årvaken og spretten. Men han er kanskje litt uroleg og ekstra varsam, fortel eigaren Årdal.

Grønfur, som truleg er årsaka til sauen framleis er i live, er ikkje i tvil om at han ville gjort det same igjen.

– Det var ei god oppleving når det gjekk så bra. Bonden har sendt oss ei melding, kor han takk oss for hjelpa. Eg tykte eg måtte hjelpe sauen. Eg kunne ikkje berre gå derifrå.