Hopp til innhold

Redda foreldrelaus hjortekalv

I vinter vart ein liten hjortekalv funnen aleine og i dårleg forfatning på Brobakke på Bryggja. Då bestemte naboane seg for å setje i gang ein liten redningsaksjon.

Gunnar Gåsemyr og hjorten

GLAD HJORT: Den velse hjortekalven får godt med mat av naboane på Brobakke. Gunnar Gåsemyr er ein av dei som matar hjorten.

Foto: Ingvild Nave / NRK

– I byrjinga kom vi ikkje nær den i det heile. Hjorten var dårleg og hadde ikkje noko sprett i seg, fortel Gunnar Gåsemyr.

Det har ikkje vore ein enkel start på livet for hjortekalven. Under jakta blei mora skoten, men jegerane klarde ikkje å finne att kalven.

Døden nær

Etterkvart som vinterkulda sette inn blei det vanskeleg for den vesle hjorten å klare seg sjølv. Då den igjen dukka opp før jul var det knapt noko livsgnist att i kalven.

– Vi bestemte oss for at vi skulle gje den mat, og hadde vi ikkje gjort det trur eg ikkje den hadde vore i live i dag, seier Gåsemyr med brødposen i handa.

Et rett i frå handa

Når hjorten får auge på brødet er den ikkje vanskeleg å be. Dei lange hjortebeina bevegar seg fort mot Gåsemyr når den skjønar at det er frokost på gang.

– Alle her i "Bakkjen" er med på fôringa, og hjorten er blitt spretten og fin, fortel Gåsemyr.

Menyen består av brød, potetskrell, epler og mandarinar. Det er også hengt opp ein høypose til hjorten som blir fylt opp når det trengs.

– Eg veit ikkje heilt om den er så begeistra for skorpene på brødet, men epler likar den veldig godt, fortel Gåsemyr.

No er hjorten nesten heilt tam, og har ingen problem med å ete rett i frå handa til Gåsemyr.

– Eg vil påstå at den har det fint no, ler Gåsemyr medan hjorten forsyner seg.

Høyr radiosaka her:

Gunnar Gåsemyr, Egil Brobakke, Harald Brobakke

HJORTEHJELPARAR: Gunnar Gåsemyr, Egil Brobakke og Harald Brobakke er tre av dei som sørger for mat i magen til hjorten.

Foto: Ingvild Nave / NRK