Hopp til innhold

Redd for at sensitive dokument er rota vekk

Den tidlegare vestlandskommunen Jølster får kraftig kritikk for å ikkje å ha gjort det dei skal for å ta hand om viktig informasjon om innbyggjarane sine. Arkivverket slår no alarm om at kommunar ikkje tek arkivering på alvor.

Jølster sett frå fjellet.

HAR FÅTT KRITIKK: Sunnfjord kommune, som Jølster no er ein del av, lovar å rydde opp i gamle synder.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Det er trist og synd at kommunane ikkje tek dette på alvor, for det undergrev både demokratiet og tilliten til myndigheitene, seier fagdirektør i Arkivverket, Kjetil Reithaug.

Arkivverket brukar store ord når dei forklarer kvifor dei er lei av at kommunar ikkje tek arkivering på alvor: Viktig informasjon frå barnevernet kan forsvinne, og demokratiet kan vere truga.

Arkivverket har mellom anna som oppgåve å passe på at kommunar og statlege organ følgjer arkivlova.

Etter ei tilsynsrunde i fjor fann Arkivverket ut at 38 av 47 kommunar ikkje hadde gode nok rutinar eller strategiar for å langtidslagre data dei kvar dag tek vare på om innbyggjarane sine.

Fryktar at informasjon kan ha gått tapt

Ein av kommunane som får krass kritikk er tidlegare Jølster, som no er ein del av Sunnfjord kommune.

Dei vart gått nærare i saumane for første gong i byrjinga av 2018.

– Dei hadde ikkje god nok oversikt over kva slags arkivsystem dei hadde, og kven som var ansvarleg. Dei hadde heller ikkje kontroll på kva slags rutinar og instruksar som gjeld for arkivarbeid i kommunen, seier Reithaug.

Fagdirektøren fortel at dei sidan den gong har purra på kommunen fleire gonger.

Også etter at Sunnfjord kommune tok over ansvaret, tykkjer dei at ting har gått for treigt.

– Det er for dårleg, for no har det gått meir enn to år, og på den tida kan dokument og informasjon i verste fall ha gått tapt.

Eit døme på korleis kommunar oppbevarer dataa sine.

FOR DÅRLEG: Dette er eit døme frå Arkivverket på ein måte kommunar har teke hand om viktig informasjon.

Foto: Tobias Prosch Simonsen / NRK

– Kan få alvorlege konsekvensar

Reithaug forklarer at det kan få alvorlege konsekvensar for innbyggjarane. Til dømes dersom du skal saksøkje ein utbyggjar, eller diskuterer med kommunen korleis ei barnevernssak har gått føre seg.

– Demokratiet byggjer på at vi som innbyggjarar skal vere informert om det som går føre seg. Då må vi ha dokumentasjon som vi kan stole på, og det er kommunen som har den mest sentrale rolla i å sikre det.

I juni vert det avdekka at 29 hus i Jølster kan vere bygde i rasutsette område, utan at det er gjort naudsynte vurderingar om tryggleik.

Sunnfjord kommune: – No set vi inn støyten

Einingsleiar i Sunnfjord kommune, Solveig Masdal Haugsvær, innrømmer at jobben som har vorte gjort med arkivering i Jølster ikkje har vore god nok.

– Difor har vi no ein plan for å gjere noko med det, og no set vi inn støyten for å få det til.

Ho er ikkje med på at kommunen ikkje har teke arkivering tilstrekkeleg på alvor.

– Eg er heilt sikker på at både Jølster, og no Sunnfjord kommune tek dette på alvor, det handlar om at vi ikkje kan prioritere alt heile tida.