Hopp til innhold

Redd Barna avlyser pridefestival for barn – kulturministeren kallar det «forjævlig»

Truslar på sosiale medium gjer at Redd Barna ser seg nøydde til å avlysa pridefestival for barn i Bergen. No har det komme ei ny løysning.

redd barna pride bergen

AVLYSER: Redd Barna avlyser barnefestivalen under pride i Bergen på grunn av truslar. Dette banneret skulle brukast under festivalen.

Foto: Redd Barna

Éin trussel er meld til politiet. Det er Redd Barna sjølve som har teke vurderinga om å avlysa arrangementet.

Politiet seier dei forstår avgjerda, men at ingenting i deira risikoanalysar tilsa at arrangementet ikkje kunne gjennomførast.

Festivalen som er avlyst er ein del av pridearrangementet i Bergen, som startar i morgon, 2. juni.

Kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap) reagerer kraftig.

– Det er forjævlig at nokon kjem med så sterke truslar at Redd Barna ser seg nøydde til å avlysa arrangementet under Regnbuedagene.

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen på pressekonferanse om ny handlingplan for kjønns- og seksualitetsmangfald.

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap).

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Ny løysning innandørs

Torsdag ettermiddag ved 16-tida blei det kjent at arrangementet til Redd Barna blir erstatta med eit innandørs arrangement på eit hotell i Bergen.

– Saman med andre skeive organisasjonar skal me ha pride for barn, unge og barnefamiliar på Admiral hotell på søndag, seier Mona Frank, styreleiar i Regnbuedagene, til NRK.

Portrettbilde av Mona Frank, styreleder i regnbuedagene, utenfor Media City Bergen

Mona Frank, styreleiar i Regnbuedagene, forklarar at dei trass i truslane og hatet står saman og gjennomfører pride uansett.

Foto: Aleksander Nordengen Brevig / NRK

Årsaka til avgjerda om å flytta arrangementet innandørs, er samansett.

– Den eine er fordi me har blitt tilbydde å ta i bruk Hotel Admiral. På den andre sida er det av omsyn til tryggleiken, fordi det er enklare å ha vektarar der og kontrollera kven som kjem inn og ut, seier Frank.

– Har bede om trusselvurdering

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) seier at ho vil undersøka saka.

– Det er uakseptabelt at vald og truslar øydelegg for ei feiring som skal handla om glede, mangfald og fridom. I tillegg rammar det barn, seier justisministeren.

Vest politidistrikt seier til NRK at dei syns det er beklageleg at arrangementet må avlysast, men at dei forstår avgjerda til Redd Barna.

Det er ingenting i deira risikoanalysar som tilseier at arrangementet bør avlysast, opplyser Morten Ørn i Vest politidistrikt.

– Etter våre vurderingar kunne arrangementet kunne vore gjennomført, seier han.

Dei har starta etterforsking av den melde trusselen.

morten ørn vest politidistrikt

Morten Ørn i Vest politidistrikt.

Foto: Lars Chr. Wallace / NRK

Mehl seier ho ikkje kjenner til dialogen Redd Barna og politiet har hatt, men at ho undersøker saka no.

– Eg har bede politiet om klarheit i kva vurderingar som er gjort i samband med dette arrangementet, og kva kontakt som har vore med Redd Barna, seier Mehl.

Redd Barna seier dei har fått ei rekke truslar om både trakassering og vald.

– Me avlyser fordi me ikkje vil at nokon ungar skal risikera å møta truslar på eit Redd Barna-arrangement, seier leiar for Redd Barna sitt Noreg-program, Monica Sydgård.

Dei har delt alle truslar og hatefulle kommentarar med politiet, fortel Sydgård.

– Me har òg bede om ei tryggleiksvurdering, men det er jo på søndag og når me endå ikkje har fått svar har me bestemt oss for å avlysa, seier ho torsdag formiddag.

Portrett av Monica Sydgård i Redd Barna

Monica Sydgård i Redd Barna.

Foto: Redd Barna

Ørn viser til at dei gjorde ei risikovurdering av arrangementet seinast onsdag denne veka, og at dei meiner arrangementet kunne vore gjennomført.

– Gir ikkje opp kampen

Sydgård understrekar at avlysinga ikkje inneber at Redd Barna gir opp kampen for rettane til barn som er skeive.

Redd Barna viser til at det viktigaste for dei er at barn som deltek i arrangement i regi av dei skal vera trygge og føla seg inkluderte, utan å møta truslar, vald eller trakassering.

Festivalsjef for Bergen pride, Runa Eide Frøiland, seier til NRK at ho er kjend med avlysinga. Ho skulle i eit telefonmøte med Redd Barna torsdag formiddag.

Barnefestivalen skulle vore arrangert i Nygårdsparken i Bergen førstkomande søndag og var eit gratisarrangement for barn og familiar.

Ordførar: – Slå ring om det skeive miljøet

– Dette gjer meg rasande! Sånn som dette skal me ikkje ha det i byen vår, seier ordførar i Bergen Linn Kristin Engø.

– Bergen skal vera ein by for alle. Eg er djupt skuffa over at nokon har sendt truslar i retning av Redd Barna, seier ho og omtalar festivalen som eit fint og viktig arrangement for leik og mangfald for barn.

linn kristin engø varaordfører berge n

Ordførar i Bergen, Linn Kristin Engø.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Ho kallar truslar mot ein barnefestival for «ufatteleg nedrig».

– Dette viser at kampen for eit inkluderande og trygt samfunn for alle slettes ikkje er over, og at pride trengst. Eg oppmodar alle til å møta opp i paraden for å slå ring om det skeive miljøet og visa kva by me vil ha, seier ho.

Ingvild Wetrhus Thorsvik (V) som sit i justiskomiteen på Stortinget krev svar frå justisminister Emilie Enger Mehl (Sp).

Thorsvik seier ho forventar at justisministeren kjem på bana og lagar ein plan for korleis politiet skal sørga for at det blir trygt å både arrangera og delta.

– Dette viser at me har eit openbert haldningsproblem i samfunnet vårt på fleire nivå. Det viser at det er viktig at pride blir større og med fleire deltakarar enn nokon gong tidlegare.

Ho kallar avlysinga ei «fallitterklæring for demokratiet vårt».

– Me må kunna forventa at myndigheitene sikrar tryggleik rundt desse arrangementa og at arrangørane føler seg trygge.

Også Tobias Drevland Lund frå Raudt krev svar. Han har i dag sendt eit skriftleg spørsmål om saka til justisministeren.

Trusselvurdering for pride-arrangement

I fjor sommar var skeive truleg målet då Zaniar Matapour (43) drap to og skadde fleire personar under pridemarkeringa i Oslo.

Då melde Politiets tryggingsteneste (PST) at homofile kunne vera meir utsette for terror i tida framover.

I mai kom dei med ei eiga trusselvurdering spesielt for pride-arrangement.

– LHBT+-personar og -samlingsstadar inngår i fiendebiletet til både høgreekstremistar og ekstreme islamistar og er blitt aktualiserte som mål dei siste åra, skriv PST i trusselvurderinga.

Det er spesielt pride-arrangement som samlar store menneskemengder som vil vera attraktive mål, meiner PST.

Les også Seier nei til regnbogefarga gangfelt

Regnbogefarga fotgjengarovergang ved Lagunen kjøpesenter