Hopp til innhold

Redaktør: Usmakeleg av Følling

Redaktør i Fjordingen, Bengt Flaten, går til angrep på fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) i spørsmål om vegprioriteringar.

Bengt Flaten og Jenny Følling

USMAKELEG: Seier redaktør Bengt Flaten om ein Facebook-kommentar frå fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp).

Foto: NRK: Montasje

Fylkesveg 60 frå Hornindal til grensa til Møre og Romsdal vart i fjor flytta ned på lista over kva vegar som skal få pengar av fylkeskommunen. Dette skjedde etter at vegen i årevis har lege høgt på prioriteringslista til fylkespolitikarane.

Samstundes fekk fylkesveg 57 gjennom Gaular ein andreplass på lista. Dette er Jenny Følling sin heimkommune, og ho har tidlegare vore ordførar der.

– Når Jenny Følling har teke omkampen som favoriserer veg gjennom hennar eigen kommune er det greitt. Då stoggar vi alle omkampar. Men då har vi altså bidrege til å dumpe vegprosjekt tidlegare har stått høgt på prioriteringslistene, seier Bengt Flaten.

– Usmakeleg

På Facebook gav Føling nyleg uttrykk for at ho er glad for at Gaular og Fjaler får forskottere vegen, og at det må vere slutt på omkampar om kva vegar som skal prioriterast.

Det provoserer Flaten.

– Eg tykkjer det er usmakeleg. Når ein styrkar sitt eige område ved å dumpe andre vegprosjekt ville eg i det minste gått litt meir stille i dørene enn å hovere på den måten, seier redaktøren.

– Det er skivebom av Bengt Flaten, svarar Jenny Følling.

Ho seier dei aldri ville flytte vegen i Hornindal ned.

– Senterpartiet var det einaste partiet på fylkestinget som kjempa for at fylkesveg 60 skulle behalde plassen på lista. Men det gjekk alle dei andre partia mot, og då vart det eit kompromiss.

– Omkampar er skadelege

At det er usmakeleg å avlyse omkampar er Følling ikkje med på.

– Vi må få slutt på omkampane. Vi må rett og slett få slutt på dei. Dei er veldig øydeleggande for fylket. Planar vert stoppa og vi må byrje å planlegge nye ting. Det er grunnlaget for min kommentar på Facebook.

Også Flaten meiner omkampar er skadelege.

– Det bør vere ein føreseieleg politikk. Vegar blir planlagd etter prioriteringane som har vore. Når Hornindal–Møre grense vart degradert, var det brukt mykje planleggingsmidlar.