Årsaka er alvorlege brot på alkohollova. Blant anna skal uteplassen ha sluppe inn mindreårige, og det skal ha vore mogleg å ta med seg alkohol ut frå lokalet.
15-åringar på fest
Politiet sendte såkalla bekymringsmelding til kommunen om at ungdom på 15 og 16 år var inne på festen.
I tillegg skal ungdom på 17 og 18 år ha fått stempel på handa som skulle visa at dei var over 21 år.
Dobbeltrolle
Redaktøren i lokalavisa Grannar, Aslaug Olden Mala, er styreleiar for skjenkestaden.
Ho seier til Haugesunds Avis at ho ikkje har skjult opplysningar i saka, og at ho ikkje ser noko problem med at ho som redaktør også er styreleiar på Old River Saloon.
- Alle veit at eg eig Saloonen, og i Grannar omtalte me episoden like etter at kritikken kom. Så eg skjuler ikkje noko, seier ho til Haugesunds Avis.