Hopp til innhold

Redaktør ber direktøren gå av

Redaktør i Fjordenes Tidende, meiner Jon Bolstad må gå frå jobben som administrerande direktør i Helse Førde.

Erling Wåge

Erling Wåge meiner tida er moden for Jon Bolstad å gå av.

Foto: odd l. drabløs

Bolstad har dei siste dagane fått kraftig kritikk for sin leiarstil. Fleire tilsette hevdar dei er kalla inn på teppet og utskjelt av direktøren. Bolstad har avvist kritikken.

- All den tid han ikkje er audmjuk til å ta sjølvkritikk, så har han eit kjempeproblem med å styre og leie ein så stor organisasjon, meiner Wåge.

- Opptre audmjukt

Fjordenes Tidende skriv i dag på leiarplass at Bolstad må gå. I tillegg til Bolstad sin leiarstil, går kritikken på hemmeleghald av dokument og at økonomi blir prioritert framfor fag i helseføretaket. Bolstad avviser kritikken som gamalt nytt .

Adm. dir. i Helse Førde, Jon Bolstad.

Adm. dir. i Helse Førde, Jon Bolstad, får krass kritikk for leiarstilen sin.

Foto: Oddleif Løset / NRK

- Eg meiner Bolstad hadde tent ganske mykje på å opptre på ein langt meir audmjuk, og heller prøvd å finne ut kva som framleis er problemet i organisasjonen, seier han.

Mowatt støttar Bolstad

Bolstad får støtte frå styreleiar Clara Øberg og kjøkkensjef Torstein Solset. Også Ap-politikar, og tidlegare styremedlem i Helse Førde, Harry Mowatt, støttar opp om direktøren.

- Det er ingen grunn til at administrerande direktø Jon Bolstad skal gå av på bakgrunn av ein kampanje som har vore køyrt som stort sett inneheld veldig usakleg kritikk som svært få kjenner seg att i, seier Mowatt.