Hopp til innhold

Reagerer på KrF-utsegn om «eigentlege foreldre»: – Eg blei provosert

– Det er ikkje berre biologiske foreldre som er «eigentlege», seier Inger Hoff, som er adoptert frå Sør-Korea. – Eit uheldig ordval, erkjenner KrF-representant.

Inger Hoff

MASSIV STØTTE PÅ FACEBOOK: Inger Hoff er sjølv adoptert og reagerte på påstanden om at berre biologiske foreldre er «eigentlege».

Foto: PRIVAT

– Eg blir sjokka og faktisk forbanna når ein i 2020 argumenterer for at det er negativt for barn at de ikkje har noko genetisk tilhøre til sine foreldre. Skjerp dykk!

Det var meldinga frå Inger Hoff, etter at ho denne veka følgde bioteknologidebatten i Stortinget.

Tysdag blei forslaget om assistert befruktning for einslege, eggdonasjon, tilbod om NIPT-test, og tidleg ultralyd vedteke i Stortinget.

Blant orda Hoff reagerte på var den implisitte påstanden om at berre biologiske foreldre er «eigentlege». Frå talarstolen i Stortinget hevda KrF-representant Torill Selsvold Nyborg at forslaget frå Ap, SV og Frp gjorde at born må vente til de blir 15 før dei kan «få lov til å vite kven som eigentleg er foreldra deira».

– For meg er det respektlaust mot foreldre som kvar dag gjør ei fantastisk jobb utan å ha biologisk tilhøre til borna sine, seier Hoff, som sjølv er adoptert.

– Ikkje meininga å støyte nokon

Leiar i Ullensaker Arbeidarparti, Elin L’estrange, reagerte på det same:

– KrF står altså på Stortingets talarstol og omtalar barns biologiske foreldre som «de eigentlege foreldra deira». Korleis trur de at det er for adoptivbarn og -foreldre å høyre den typen ordval? skriv ho på Twitter.

Elin L’estrange

REAGERER PÅ ORDVAL: Leiar i Ullensaker Arbeidarparti, Elin L’estrange, spør seg korleis ordvalet til KrF blir motteke blant adopterte.

Foto: PRIVAT
Laster Twitter-innhold

– Dette er sensitive spørsmål, og det var ikkje meininga å støyte nokon, svarar Torill Selsvold Nyborg.

Ho seier ho i dette eine tilfelle bytta ut ordet «biologisk» med ordet «eigentleg» for variasjonens skuld, og at det ikkje låg noko anna bak det.

Ho minner også om at konteksten i dette tilfelle var donorbarn – og ikkje adoptivborn.

Torill Selsvold Nyborg

UHELDIG ORDVAL: Det var ikkje meininga å støyte nokon, seier stortingsrepresentant for KrF, Torill Selsvold Nyborg.

Foto: Hordaland Fylkeskommune

– Må tenkje nytt om desse relasjonane

Forfattar av Adoptert identitet, Geir Follevåg, seier formuleringa om «dei eigentlege foreldra» røper ei underliggjande forteljing om at det heftar noko ufullstendig eller u-eigentleg med ein familie som er blitt til ved noko anna enn «naturmetoden», og at «det liksom finst eit sett foreldre ein anna stad i verda som skal vere meir eigentlege».

– Eg håpar at me ein dag legg frå oss slike restar i språket. Det er målet mitt, at me tenkjer nytt om desse relasjonane og utvidar kriteria for kva det vil seie å vere «ein vanleg familie», seier han.

Tre år gamal heitte han Choi Yung-Wook. Då vart han sendt med fly til Noreg. På identifikasjonspapira sto det: «Parents: No record».

Etterlyser det globale perspektivet

I likskap med Follevåg meiner medlem av Bioteknologirådet, Marianne Klungland Bahus, at vedtekne sanningar om tilhøre og identitet bør problematiserast.

«Kor viktig det er å få vite om sitt genetiske opphav har vi avgrensa kunnskap om. Å få kunnskap når man er 15 år, eller 18 år og voksen, om kven som donerte sæd eller egg, gir truleg ikkje automatisk ei forståing av identitet», skriv ho i ein kronikk i Vårt Land.

Marianne Klungland Bahus

FORTELJINGAR OM OPPHAV: Kor viktig det er å få vite om sitt genetiske opphav har vi avgrensa kunnskap om, seier medlem av Bioteknologirådet, Marianne Klungland Bahus.

Foto: Universitetet i Agder

I debatten om bioteknologi etterlyser ho i staden «eit meir globalt og berekraftig perspektiv».

– Eg skulle ønskje at ein tok opp det faktum at over 150 millionar born er foreldrelause og at over ein million born døyr av svolt kvart år. I eit slikt perspektiv gir det ikkje same meining å bruke medisin til å sikre at barnlause par får barn ved hjelp av medisinsk teknologi. Det som derimot hadde gitt meining var å hjelpe barnlause par å adoptere barn som treng foreldre.

– Inga vond hensikt

No ynskjer Inger Hoff å få samtalen inn i eit meir forsonleg spor.

– Eg trur nok at mykje blei sagt i kampens hete og at ingen har sagt dette i vond hensikt, men samstundes hadde eg sett pris på at vi alle held tunga rett i munnen.