Politiet brukte tåregass, køller og skjold då Sian-leiar Lars Thorsen blei angripen under demonstrasjonen organisasjonen hadde i Bergen i dag. Tre menn er sikta for hendinga.
Younes Alsheikho var blant fleire som opplevde å bli spraya på med tåregass av politiet då han forsøkte å roe gemytta.
– Kvifor skal dei bruke tåregass? Dei treng ikkje å gjere det, seier Alsheikho.
TÅREGASS: Motdemonstrantar spylar vann i auga på Younes Alsheikho etter at politiet brukte tåregass då han forsøkte å roe ned situasjonen.
Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRKMeiner politiet overdreiv
SV-politikar Mikkel Grüner var sjølv til stades på demonstrasjonen og reagerer på det han meiner var ein overdriven reaksjon frå politiet.
– Eg opplevde at dei mista kontrollen og at det ikkje var førebudd på korleis demonstrasjonen kom til å bli, seier Grüner.
KRITISK: SV-politikar Mikkel Grüner meiner politiet mista kontrollen over markeringa på Festplassen.
Foto: Even Norheim Johansen / NRKIfølgje Grüner hadde dei fleste ungdommane som deltok møtt opp for å vise avsky mot det dei opplevde som hatytringar og rasistiske bodskap frå Sian.
– Dei blei møtt av eit kampkledd politi med hjelmar, skjold, køller og peparspray. Eg meiner politiet burde vore meir fintfølande. Dei burde òg ha stoppa demonstrasjonen når det gjekk over til å bli hatytringar, seier Grüner.
– Ikkje enkelt å handtere
Venstre-politikar og tidlegare varaordførar i Drammen, Yousuf Gilani, har nyleg invitert Sian til et dialogmøte. Han seier han forstår politiet sin reaksjon.
– Dette var ingen enkel situasjon å handtere. Men når motdemonstrantane ikkje klarer å respektere gjeldande lovverk, er det vanskeleg å stoppe dei. Dette er uansett ikkje slike scenar vi ønskjer i Noreg, seier Gilani.
– Skaka
– Eg er ganske skaka, seier byråd for kultur, mangfald og likestilling Katrine Nødtvedt (MDG) om hendingane i Bergen.
Nødtvedt seier handteringa av motdemonstrantane i etterkant av valdsepisoden «verka noko bekymringsverdig».
– Eg synest det er uheldig at så unge menneske får eit dårleg møte med politiet, seier ho.
Byrådsleiar i Bergen, Roger Valhammer, skriv i ei melding på Facebook laurdag kveld at valdsbruken mot Sian-leiaren var totalt uakseptabel.
Han vil førebels ikkje kommentere kritikken som er retta mot politiet før byrådet har hatt eit evalueringsmøte med politiet måndag morgon.
– Bør gå i seg sjølve
KRITISK: – Politiet skal stå opp for ytringsfridomen. Det er det bra at de gjør, sjølv om de står i en krevjande situasjon, seier Terje Søviknes.
Foto: Lise Åserud / NTB scanpixNestleiar i Framstegspartiet, Terje Søviknes, meiner fleire bør gå i seg sjølve etter kritikken som blir retta mot politiet.
– Dei som kastar gjenstandar og banker opp deltakarar i ein lovleg demonstrasjon, bør gå i seg sjølve før dei kritiserer andre for ekstremisme, seier han i ein e-post til NRK.
Han meiner det er bra at politiet står opp for ytringsfridomen, sjølv i ein krevjande situasjon.
– Ytringsfridomen er grunnsteinen i vårt vestlege demokrati. Sjølv om vi er sterkt usamde med Sian, skal ytringsfridomen stå sterkt i Noreg, legg han til.
– Får for frie taumar
Leiar i Antirasistisk Senter, Rune Berglund Steen, meiner Sian både i Bergen og andre stader får for frie taumar. Han meiner dei burde få mindre sentrale plassar for å halde markeringane sine.
– Dei har rett til å ytre seg, men eg skjønnar ikkje at det er nødvendig å gi Sian så sentrale plassar. Vekk frå folk sine nabolag og bort frå dei mest sentrale torga, seier Steen.
BURDE FÅ MINDRE SENTRAL PLASS: – Dei har rett til å demonstrere, men etter kva eg skjønne, ikkje rett til å velje sjølv akkurat kor dei til ei kvar tid gjer det, seier Rune B. Steen i Antirasistisk Senter.
Foto: Antirasistisk senterHan legg til at fysiske reaksjonar og vald er aldri akseptabelt, «sjølv i møte med ein aktør som Sian».
– Sian er etter kva eg kan skjønne ute etter å skape desse konfrontasjonane som gir dei mediemerksemd. Det er enda ein grunn til å ikkje la seg provosere, seier Steen.
Han meiner antirasistar bør tenke over korleis ein kan vise motstand utan at det utartar slik det gjorde i Bergen, men meiner dei som møter opp for å demonstrere mot hatet, fortener respekt.
Må revurdere
Nødtvedt fortel at det er Bergen kommune som formelt har fatta vedtaket om å la Sian demonstrere på Festplassen, men at dette er gjort på bakgrunn av råd frå politiet.
– No når vi ser korleis dette utvikla seg i dag, og at ein ikkje greidde å vareta ro og orden eller forhindre vald, men måtte ty til kraftige verkemiddel mot demonstrantane, er det på sin plass å revurdere dette, seier byråden.
– Kven må revurdere det?
– Vi må gjere det i fellesskap. Det er kommunen som formelt har fatta vedtaket om kor demonstrantane skal stå, men det er i samråd med politiet. Så vi er nøydde til å snakke saman.
Skal drøfte maktbruken
Under pressekonferansen tidlegare i dag kommenterte innsatsleiar Jon Endre Skeie følgjande på spørsmål om politiet si handtering:
– Det skal eg ikkje kommentere no. Politiet har brukt verkemiddel av omsyn til både eigen og andre sin tryggleik.
Politiet vil etter kvart vil ta ein gjennomgang på om dei var godt nok budde, og av maktbruken under demonstrasjonen.
Operasjonsleiar Tatjana Knappen seier til NRK at dei ikkje gir ytterlegare kommentarar om handteringa av demonstrasjonen i dag.