Hopp til innhold

Reagerer på fargen på kraftmastene

Sogn og Fjordane Turlag reagerer på at fleire av mastene på kraftlinja mellom Ørskog på Møre og Fardal i Sogn har fått raud og kvit farge.

Kraftspenn over Sogndalsfjorden.

REAGERER PÅ FARGEN: Marino Ask i turlaget reagerer på at fleire av mastene vil bli kvite og raude, slik som desse mindre mastene som står ved Sognefjorden. (Arkivfoto)

Foto: Henning Weyergang-Nielsen, NVE

Det skriv avisa Firda. Styreleiar i turlaget, Marino Ask, seier til avisa at dei var lova kamuflasjefarge på mastene. Han såg mastene gjennom ein køyretur gjennom Moskog førre veke.

– Til og med frå bilvindauget såg eg at mastene var synlege og unødvendig skjemmande. Å farge mastene i kvitt og raudt forsterkar berre omfanget av inngrepet, seier han.

Prosjektleiar i Statnett, Ove Bratteberg, innrømmer at fargen ikkje er ideell, men seier fargane er nødvendige på grunn av omsyn til lufttrafikken.

– Dei farga mastene er oftast plasserte der linjene kryssar dalføre. I tilfelle risiko for uhell, vil tryggleik gå føre det statlege kravet om kamuflasje, seier han til avisa.