Hopp til innhold

Reagerer på at unge kvinner må kjempe for å få mammografi

Historia om kreftsjuke Elisabeth Thomassen (40) får politikarar til å kreva ny praksis. Men fagfolk går ikkje med på at rutinane bør endrast.

Stortingsrepresentantene Ingvild Kjerkol (Ap), Kjersti Toppe (Sp) og Freddy Øvstegård (SV). Foto: Odin Jæger, VG

EIN VEKKAR: Historia om kreftsjuke Elisabeth Thomassen (40). – Denne saka må vere ein vekkar, seier stortingsrepresentant for Sp, Kjersti Toppe (i midten). Til venstre: Ingvild Kjerkol (Ap). Til høgre: Freddy Øvstegård (SV).

Foto: Odin Jæger

Tysdag fortalde NRK historia om kreftsjuke Elisabeth Thomassen (40), som opplevde det som ein kamp då ho ville få undersøkt brystet. Først etter fire konsultasjonar fekk ho time til mammografi.

– Denne saka må jo vere ein vekkar for både folk og fagfolk, seier stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp).

Kreftpasient Elisabeth Thomassen i Bergen

FEKK KREFT: Elisabeth Thomassen følte seg dum og masete då ho mistenkte at ho hadde kreft.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Toppe er nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen, og har tidlegare jobba som kommunelege.

Rundt 80 prosent av kvinner som får brystkreft er over 50 år, syner tal frå Kreftforeininga.

Toppe reagerer på at unge kvinner opplever det som ein kamp å bli vist vidare til undersøking, sjølv om dei sjeldnare vert råka av kreft.

– Dette er ein nøydd til å sjå på. Eg har høyrt om fleire som går for lenge med symptom og blir ikkje teke på alvor.

Kvart år får om lag 138 kvinner i alderen 30 til 39 år brystkreft, syner tal frå Kreftregisteret.

Kjersti Toppe

VEKKAR: Stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp) meiner Elisabeth-saka bør vere ein vekkar kring praksisen for brystkreftdiagnostisering.

Foto: Ingrid Aarekol / NRK

– Kan ikkje avskrive pasientar

– Eg opplever at vi både politisk og helsefagleg har vore mest opptekne av behandlingstida frå ein får diagnose til behandlinga er utført, seier Toppe.

Ho vil ha større fokus på raskare diagnostisering, og på at fastlegar må ha lågare terskel for å vise pasientar med symptom, vidare.

Ho får støtte frå Ingvild Kjerkol, som er helsepolitisk talsperson for Arbeidarpartiet.

– Pasientar har rett på diagnostikk så tidleg som mogleg. Då kan dei ikkje avskrive pasientar utan å sjekke dei godt nok.

Manglar grunnlag

– Fastlegar er opptekne av å stille tidleg og riktige diagnosar. Ein har også eit ansvar for å ikkje bruke meir ressursar enn det som er naudsynt. Det er viktig for oss alle, slik at ein har kapasitet til å gjere dei utgreiingane som hastar, seier Marte Kvittum Tangen.

Marte Kvittum Tangen

RESSURSBRUK: Marte Kvittum Tangen meiner det ikkje ligg føre nok grunnlag for å endre fastlegens praksis.

Foto: Thomas B Eckhoff / Den norske legeforening

Ho er leiar i Norsk foreining for allmennmedisin, og meiner at historia om Elisabeth ikkje gir nok grunnlag for å endre praksis hjå fastlegar.

– Dersom ein skal gå inn for å endre praksis, så treng vi meir kunnskap om dette er eit reelt problem eller ikkje. Men eg trur ikkje at det er eit generelt problem.

Vurderer å utvide mammografiprogram

Hildegunn Aase er administrativ seksjonsoverlege på Brystdiagnostisk senter ved Haukeland universitetssjukehus.

Ho tykkjer fastlegane tar pasientane på alvor, er gode til å gjere undersøkingar og flinke til å vise pasientar vidare.

Om fleire skal få tilbud om mammografi, burde politikarane heller vurdere å utvide det offentlege mammografiprogrammet, meiner Aase.

– Vi har ikkje kapasitet til å ta i mot mange kvinner som får tilvising til mammografi, dersom dei ikkje har kul i brystet eller andre symptom på brystkreft.

I dag vert kvinner mellom 50 og 69 år invitert til å delta i programmet. Aase føreslår at dette kan bli utvida til å inkludere kvinner frå og med 45 år og opp til 74 år.

– Ved screening jobbar vi meir effektivt og vil ha moglegheit til å undersøke langt fleire kvinner.

Kapasitet skal ikkje vere avgjerande

– Sjølv om ein utvidar programmet, så vil det alltid vere kvinner som fell utanfor, seier Toppe.

Ingvild Kjerkol (Ap) er samd. Ho seier at alle som fattar mistanke om kreft må verte undersøkt tilstrekkeleg.

Ingvild Kjerkol (Ap)

RETT PÅ TIDLEG DIAGNOSE: Ingvild Kjerkol (Ap) meiner pasientar har rett på å bli tatt på alvor.

Foto: Trond Stenersen / NRK

– Det skal aldri vere slik at ein ikkje får stilt diagnosar på grunn av utfordringar knytt til kapasitet. Det vil vere eit brot på dei pasientrettane som Stortinget har gjeve alle innbyggjarane i Noreg.

Gode system

Statssekretær Inger Klippen (H) i Helse- og omsorgsdepartementet seier at det er gode system for utreiing, behandling og oppfølging av kreftsjukdom i Noreg.

Ho seier at Elisabeth-saka likevel syner at nokre pasientar opplever at det tar for lang tid før utgreiinga startar.

Klippen seier det kan bli aktuelt å utvide mammografiprogrammet i Noreg, men førebels er det usikkert når dette vil bli bestemt.

– Men før ei slik avgjerd kan takast, må dette utgreiast grundig utifrå norske forhold. Mammografiscreening har ikkje nødvendigvis same effekt i alle aldersgrupper.

Statsekretær Inger Klippen, HOD

IKKJE SAME EFFEKT: Mammografiscreening har ikkje nødvendigvis same effekt i alle aldersgrupper, seier statssekretær Inger Klippen (H) i Helse- og omsorgsdepartementet.

Foto: Anita Hamremoen / HOD