Hopp til innhold

Reagerer på at Sandberg sår tvil

Kåre Leif Hollevik tykkjer det er uhøyrd av Sandberg å basera seg på anonyme kjelder.

Aksjonsleiar Kåre Leif Hollevik
Foto: Mathias Oppedal / NRK

Leiar i justiskommiteen, Per Sandberg har i dag gått ut og sådd tvil om truverdet til Fkade Thaye.

- Kontakta av nordmenn

Han tvilar på om opplysningane Thaye har gjeve om at han og den ni år gamle sonen måtte bu under open himmel etter at dei vart sendt attende til Bari i Italia. Sandberg seier han er blitt kontakta av nordmenn busette i Bari.

- Eg sår veldig tvil om det. Nordmenn i Bari som hadde tenkt å hjelpa både far og son har kontakta meg, og sa dei ikkje fann Simon og faren nokon plass.

Per Sandberg
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

- Må følgja spelereglane

Men då NRK i haust var i Bari, møtte vi Thaye og den ni år gamle sonen i ein park i byen . Og Thaye held i dag fast på historien om at han og sonen har budd i parken og på ein jarnbanestasjon.

- Eg kan ikkje lyge om ei slik sak, seier Thaye.

Hollevik meiner Sandberg må følgja spelereglane i Norge, og ikkje ta diskusjonen om historia til Simon og far hans i media.

- Det som no vert viktig er at Simon og faren får stå fram med historia si framfor ei nemnd, slik spelereglane er i Norge. Å ta ein slik diskusjon gjennom media tykkjer eg er feil.