Hopp til innhold

«Eit fleirtal kan ikkje utradere ein person»

Gruppeleiar for Frp i fylkestinget, Frank Willy Djuvik, reagerer på at namn på styremedlemmer er utelatne i årsmeldinga til Fjord1.

FORMONTASJE: Frank Willy Djuvik, Reidar Sandal

NAMN FORSVANN: Frank Willy Djuvik (Frp) stussa over at ikkje alle namna på styremedlemmene var med i årsmelding som styreleiar i Fjord1, Reidar Sandal presenterte for fylkespolitikarane.

Foto: FOTOMONTASJE: Benedicte Hole/Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Det har vore stor uro i Fjord1. To av styremedlemmene har trekt seg. Ein av dei, Lars Pamer, trekte seg fordi han ikkje ville stå inne for rekneskapen.

Då årsmeldinga var presentert for fylkespolitikarane mangla det eit namn i opplistinga over kven som hadde vore styremedlemmer i 2013, nemleg namnet til Pamer. Dette er oppsiktsvekkjande meiner Djuvik.

– Eg reagerer sjølvsagt på at i opplistinga av styremedlemmene for 2013 så er det eit av styremedlemene som ikkje er tatt med og det er det styremedlemmen som har vore usamd i både rekneskapsprinsipp og andre ting.

Djuvik meiner dette er ein merkeleg praksis, og seier han aldri har sett noko liknande innafor næringslivet. Han peikar på at dette er eit styremedlem som registrert i Brønnøysundreisteret som medlem av styret i 2013, og dette at dette er årsmeldinga for 2013

– Ein må gjerne vere usamde innad i eit styre, men eit fleirtal kan på ein måte ikkje berre utradere, og seie at denne personen fanst ikkje styret i 2013. Det er ikkje slik det fungerer.

– Alt etter boka

Styreleiar i Fjord1, Reidar Sandal, meiner på si side at arbeidet med rekneskapen i Fjord1 er heilt etter boka.

Situasjonen er for Fjord1 som for andre selskap, at det er dei som sit i styret når rekneskapen og årsmelding blir avlagt som blir ført opp og som skriv under. På det tidspunktet som rekneskapen og årsmelding for Fjord1 blei avlagt så hadde Pamer tredt ut av styret. Det er grunnen til at han ikkje oppført.

– Men dette gjeld rekneskapen for 2013, då Pamer var medlem av styret. Forstår du at folk reagerer når han ikkje står oppført?

– Nei. Den måten dette er gjort på er heilt etter boka. Så dette er ikkje noko å bli forundra over.