Hopp til innhold

Reagerer mot avstengd ladestasjon

Tommy Rasmussen frå Knarvik torer ikkje lenger bruke elbilen sin når han skal til Førde. Årsaka er at hurtigladestasjonen på ferjekaien på Oppedal er avsperra på grunn av arbeidet på ferjekaien.

Dårleg lading

SKUFFA ELBILEIGAR: Tommy Rasmussen.

Foto: Privat

– Med den uvissa som er når det ikkje står noko skilt med opplysningar om stenginga eller kor lenge det blir stengt, så tek ikkje eg sjansen på å bruke elbil. I framtida blir det dieselbilen, seier Rasmussen.

Førre søndag skulle han og familien til Førde, og vanen tru køyrde dei elbil, noko som ikkje pleier å vere eit problem, då dei nyttar seg av hurtigladaren på Oppedal ferjekai, før dei set nasen nordover mot Sunnfjord.

Då dei kom til Oppedal i 11-tida førre søndag oppdaga dei derimot at hurtigladestasjonen var sperra av fysisk. Til alt hell for Rasmussen hadde nokon andre rive ned gjerdet.

– Så då rygga vi inn til ladestasjonen, og fekk snike oss til å lade, seier Rasmussen.

Treng lading

Han reagerer på at ladestasjonen blir avstengt på denne måten utan varsel.

– Ein brukar mykje straum frå Bergen og til Oppedal. Dei fleste er nok nede på 20 prosent batterikapasitet og er avhengige av å lade, fortel Rasmussen.

Då hanvar ferdig å lade søndag, og hadde stilt seg opp for å vente på ferja såg han det kom nokon og stengde for ladestasjonen igjen.

Då tok ikkje han sjansen på å køyre til Førde, sidan han visste at han kom til å vere avhengig av å lade på Oppedal på returen også for å nå heim til Knarvik. I staden køyrde han tilbake til Knarvik.

Beklagar

Oddvin Hov

BEKLAGAR: Prosjektleiar Oddvin Hov i Statens vegvesen.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

I Statens vegvesen beklagar prosjektleiar Oddvin Hov problema den manglande skiltinga har ført til.

– Vi har no sett opp skilt som forklarer at området er avstengt for parkering, men el-bileigarar kan opne sperringa slik at dei kan få kome inn og lade bilen, seier Hov.

Årsaka til at området er avsperra er at heile området skal asfalterast, og Statens vegvesen vil unngå at det blir ståande langtidsparkerte bilar der.

– Sjølve sperringa blir truleg fjerna heilt denne veka, når entreprenøren er ferdig med asfalteringsarbeidet, legg Hov til.