Ray har brukt 1,4 millionar kroner på banehopping - til no

Ray Tørnkvist (49) frå Oslo er nordmannen som har vitja flest fotballbaner i England. Vi har møtt han og fleire nordmenn hekta på engelsk fotball.

Ray Tørnkvist er lidenskapeleg oppteken av fotball.

LIDENSKAP: Fotball og fotballbaner er og blir ein lidenskap for Leeds-supporter Ray Tørnkvist (t.v.).

Foto: Privat

Som landets ivrigaste «groundhopper», kan Ray Tørnkvist kalle seg ein ekte fotballnomade. På 20 år har austlendingen vitja 392 stadionanlegg på fotballøya.

I heile Europa har austlendingen sett sine bein på mellom 700 og 800 fotballbaner. Kvar einaste kamp er dokumentert med kampbillett.

Favorittklubben Leeds har han sett 114 gonger. Raskt rekna er det gått med rundt 1,4 millionar kroner på lidenskapen.

– Eg vil eigentleg ikkje tenkje på kor mykje pengar som har gått med til dette, men det har vel gått med rundt 70 000 kroner i året. Det går aldri meir enn eg har økonomi til, fortel Ray Tørnkvist.

Fartar land og strand

Tørnkvist arbeider i skatteetaten, og tek aldri fri i fellesferien. Så snart det poppar opp nye fotballstadion, kastar han seg på flyet. Inneverande fotballsesong, har det derimot ikkje blitt noko tur grunna sjukdom.

Ray Tørnkvist

HOPPAR: Ray Tørnkvist er Norges fremste groundhopper.

Foto: Privat

– Det er blitt ein lidenskap. Eg vaks opp med fotball på TV, og er nyfiken av meg. Spesielt på å sjå andre lag og å føle stemninga på ulike baner, seier han.

Tørnkvist fortel at han har vitja alle baner på dei tre øvste nivå i Norge og Tyskland, to øvste nivå i Sverige og Nederland, samt øvste nviå i Sverige. I tillegg til fleire anlegg i ulike europeiske land.

– Favorittlaget er alltid førsteprioritet, men eg må seie at kampar og engasjementet i lågare divisjonar appellerer vel så mykje som toppdivisjonen. Eg har vore mykje på Old Trafford og Anfield, men det blir veldig kommersielt, seier han.

52 kampar på ein sesong

Han har alle utgåver av oppslagsverket «Rothmans Yearbook» og les nærast alt han kjem over om engelsk fotball. Samstundes tykkjer han opplevingane i Tyskland er vel så gode.

  • KVA ER DITT FAVORITTLAG I ENGLAND? OG KVIFOR? FORTEL NEDST I SAKA.

På det meste har Tørnkvist vitja ni land på ein sesong. Eitt år såg han også 52 kampar i ulike divisjonar. Berre i fjor vart det ti kampar med Leeds.

– Eg prøver å halde meg til dei seks øvste divisjonane. Det blir aldri ein ferietur utan fotball. Uansett om familien er med eller ikkje. Alle som kjenner meg veit om lidenskapen. Det er berre å reise til storbyar der du kan snike deg vekk dei tre-fire timane det tek å komme seg til ein kamp, ler han.

Har forståelse

Supporterar kan gå til ekstreme handlingar for å bevise støtta til engelske lag. Eit søk i telefonkatalogen avdekkjer fleire som har teke klubbnamn eller namn på fotballspelarar som mellomnamn.

Enkelte flyttar til England for å følgje sitt favorittlag, gifter seg på heimebana eller tek den eine tatoveringa etter den andre.

– For min del blir det å gå litt for langt, men det er lidenskap. Eg har likevel full forståing for at enkelte har det slik. For mange gjeld det å jobbe for å skrape saman nok pengar til turane over, seier han.

«Ulve-olje» i Nordsjøen

I 40 år har Wolverhampton vore laget til Tom Dreyer (51), geolog og leitesjef for Statoil i Nordsjøen Nord.

Bergensaren er årsaka til at oljegiganten dei siste åra bokstaveleg tala har leita etter olje i «Wolves»-spelarar. Saman med ein kollega har Dreyer gjeve 18 potensielle brønnar namn etter fleire av favorittklubben sine heltar. Spesielt frå storheitstida på 70-talet då ulvane vann ligacupen og tok seg til UEFA Cup-finalen.

– På den tida var det mange stilige, hårete og skjeggete typar vi kunne velje mellom, ler Dreyer.

18 brønnar

Tom Dreyer

«OLJEULV»: Tom Dreyer hos Statoil er ingen oljesjeik, men ein lidenskapeleg Wolverhampton-supporter.

Foto: Privat

Til slutt vart det eit heilt Wolverhampton-lag - og reservebenk.

– For oss var det morosamt, inspirerande og lett å hugse på. Dette er namn vi har brukt høgt oppover i systemet, til oljedirektoratet og til partnarar. Men blir det funn, så må vi døype om til namn godkjende av norsk språkråd, held han fram.

Fem av brønnane er allereie utforska. Berre brønnane kalla opp etter midtstopparkjempa John McAlle og storscoraren John Richards gav funn.

(Artikkelen held fram under kartet)

Boremål i Nordsjøen kalla opp etter Wolverhampton-spelarar.

ULVEOLJE: I brønner kalla opp etter Wolverhampton-spelarar leiter Statoil etter olje og gass på Oseberg Sør.

Trur på Hibbit og Palmer

Ironisk nok var brønnen kalla opp etter tidenes toppscorar i «Wolves», Steve Bull, tom. Det var også brønnane kalla opp etter keeper Phil Parkes og Hugh Curran. Sistnemnde scora einaste mål i den første tippekampen vist på norsk TV.

– Det har teke nokre år å gjere brønnane boreklare, men vi har mange att. Neste år vil vi bore på i alle fall to til: Kenny Hibbit og Geoff Palmer, seier han og håpar dei gjev større funn enn dei første "Wolves"-brønnene.

– Det har vore litt småpyttar rundt om kring. Det er ikkje noko vi kan byggje framtida på slik som dei siste to funna vi har gjort, men det er gode tilleggsreserver til AS Norge, seier han.

Flyttar til London

Dreyer fortel at det ikkje er uvanleg at leitebrønnar i Nordsjøen får namn frå James Bond-filmar, fotballklubbar, ishockeyspelarar eller baseballspelarar.

– Det er ein trend, stadfestar Dreyer, som i september flyttar til London for å arbeide som leitesjef derifrå. Lidenskapen til Wolverhampton er ei medverkande årsak. Då får han også tid til å sjå fleire enn dei 12-15 kampane han har sett på Molineux.

– Eg visste vel om Liverpool, før eg visste kva fotball var, ler Tage Herstad (37), truleg landets største Liverpool-fanatikar. Han har allereie gjort som Dreyer. For åtte-ni år sidan flytta floraværingen til England for å følgje favorittklubben.

Livnærer seg på Liverpool

Tage Herstad

MINDRE VIKTIG: – Fotball blir mindre og mindre viktig. Det er vennskap og kompisar. Det er klubben. Det er Liverpool, fortel Tage Herstad som dei siste åra har budd i Liverpool for å følgje klubben i hans hjarte.

Foto: Ragnhild Lund Ansnes / NRK

Sonen William Shankly er kalla opp etter Liverpool-legenda Bill Shankly, han har sett dei siste 400 offisielle kampane og livnærer seg no på lidenskapen til klubben.

Dei siste seks åra har han gjennom reisebyrået TiaTravels hjelpt tusenvis av norske Liverpool-supporterar med alt frå taxi og overnatting, til å møte gamle heltar.

– Reisebyrået er ikkje noko gullgruve, men eg tener nok til å følgje Liverpool. Då er eg nøgd, fortel han.

– Ikkje sært

Allereie som tre-fireåring var Herstad hekta på Liverpool. Interessa starta med ein lokal, og no avliden, fotballspelar. Men det var først i 1994 at Herstad vitja Liverpool første gong.

– Eg forstår jo at andre tykkjer det er litt sært å flytte bort på grunn av fotball, men sjølv tykkjer eg ikkje det. Du har folk som går på jakt og fiske i nokre månader og knapt snakkar om anna, seier han.

Kjøpte sesongkort

Men også supporterar busett i Norge har sesongkort for å følgje sine lag. Manchester United-supporter Øystein Ullebø Sandnes frå Høyanger og fire kollegaer på jobben i Årdal sikra seg nyleg sesongkort på Old Trafford.

Øystein Ullebø Sandnes

SESONGKORT: Øystein Ullebø Sandnes har ikkje sesongkort på Fosshaugane, men på Old Trafford.

Foto: Privat

Engelske supporterar sin boikott av klubbeigarane, Glazer-familien, gjorde det lettare for sogningane å få sesongkort. Sjølv om ikkje dei heller tykkjer stort om klubbeigarane.

– Sesongkortet kosta 850 pund utan cupkampar. Vi rekna litt på det og fann ut at vi tener inn att eit sesongkort ved å reise over fem-seks gonger i året. Dei fleste av oss reiser uansett så mykje, fortel 25-åringen.

Dei store kampane

Ullebø Sandnes vart hekta på United då han i 1999 såg «dei raude djevlar» vinne Champions League-finalen mot Bayern München.

Dei siste fem åra har 25-åringen sett sju kampar med Manchester United. Han har aldri sett dei tape. 11. februar reiser dei fem sesongkorthaldarane frå Sogn for å sjå United ta i mot Liverpool.

– Med sesongkort har vi større sjanse til å sikre oss billettar til storkampar i Champions League. Når dei møter så gode lag, er det vanskeleg å få billettar. Skulle vi møte gode lag, så er det fullt mogleg å ta ein ekstra tur, seier han.