Hopp til innhold

Raudt på friarferd hjå industriarbeidarane

ÅRDAL (NRK): Raude Årdal inst i Sogn har blitt kalla landets desiderte Ap-bastion, men førre val fekk partiet ein knekk. No girar Raudt og leiar Bjørnar Moxnes opp og utfordrar Arbeidarpartiet i kampen om industrirøystene.

Bjørnar Moxnes på besøk hjå NorSun

VALKAMPOPNING: Bjørnar Moxnes og Raudt stiller for første gong valliste i Ap-bastionen Årdal. Her er partileiaren i samtale med hovudtillitsvald Ola Monrad Jevnaker ved solindustrifabrikken Norsun.

Foto: Bård Siem / NRK

I blå arbeidsdress og vernebriller vart Raudt-leiar Bjørnar Moxnes synt rundt på NorSun-fabrikken i Årdal. Han hadde lagt valkampopninga si til industrikommunen, der Raudt for første gong stiller med liste til kommunevalet.

– Det er kjekt at Bjørnar tar turen. Det viser at Årdal er ein viktig kommune for Raudt, seier førstekandidaten til Raudt i Årdal, Stephan Øren. Han var med å synte partileiaren rundt på fabrikken, som har om lag 200 tilsette.

Øvre Årdal

INDUSTRISAMFUNN: Årdal med sine to bygder Årdalstangen og Øvre Årdal er prega av hjørnesteinsfabrikkane Hydro og Norsun.

Foto: VERI Media

Ap sidan krigen

Ein skulle kanskje ikkje tru det, men dette er nytt land for Raudt. I motsetnad til mange industristader har ikkje Raudt og det tidlegare RV fått fotfeste i Arbeidarparti-bastionen. Her har Det norske Arbeidarparti råda grunnen. Så seint som i 2011 fekk partiet drygt 70 prosent av røystene. Ap har vore allmektige, men førre kommunestyreval, i 2015, mista partiet fleirtalet. Ap fall 30 prosent, og det var Senterpartiet og Høgre som stal flest veljarar.

No vil Raudt for første gong kapre industrirøyster i Årdal. Moxnes sin lokale våpendragar Stephan Øren har tru på at dei vil sørge for fleire raude representantar i kommunestyret.

Stephan Øren

FLEIRE RAUDE: Stephan Øren i Raudt Årdal håpar å vinne over nokre veljarar.

Foto: Privat

– Raudt er fagforeiningsvennleg og vi står på arbeidarane si side. Vi håpar på å få inn i alle fall to representantar, gjerne fleire, seier Raudt-listetoppen.

Har ikkje gløymt ACER-bråket

At Moxnes opnar valkampen si i Årdal er godt planlagt. Industriveljarane er viktige for partiet, som ønskjer å bruke vasskrafta til å byggje ny industri i Noreg,

– Det viktigaste Noreg kan gjere for å bidra til redde klimaet er ein miljøvennleg produksjon av varer som verda treng. Då må vi bruke vasskrafta til norsk industri, foredle metallet og minerala slik dei gjer her på Norsun og på den måta skape det grøne skiftet, seier Moxnes.

Då debatten om Noreg skulle slutte seg til EU sitt energibyrå ACER rasa i fjor, var det mange i Årdal som var skuffa over Arbeidarpartiet. Moxnes håpar dei kan sanke veljarar i Årdal på grunn av deira syn på sjølvråderetten over norske ressursar.

– Vi står saman med industriarbeidaren mot EU og vil kjempe for full nasjonal kontroll over energi og dermed også industripolitikken. Det er avgjerande at vi sikrar nasjonalsuverenitet over desse ressursane, seier Moxnes.

Bjørnar Moxnes på besøk hjå NorSun

FRIR TIL PROLETARIATET: Partileiar Bjørnar Moxnes i Raudt starta valkampen med besøk hos industriverksemdene Norsun og Hydro i Årdal. Han vart synt rundt av fungerande fabrikksjef Vidar Moen.

Foto: Bård Siem / NRK

Men tillitsmannen vil framleis røyste Ap

Men trass i sjarmoffensiven, for mange årdølar er det framleis eitt parti som gjeld. Hovudtillitsvald Ola Monrad Jevnaker ved Norsun har ingen planar om å røyste Raudt.

– Eg meiner Arbeidarpartiet passar best for oss årdølar i industrien. Eg er heilt overtydd om at dei vil kjempe best for våre arbeidsplassar og styre kommunen på ein god måte.

Tillitsmannen seier han har sans for Moxnes, men at Ap framleis ligg hans hjarte nærmast. Den veldige veljarflukta frå Ap sist val trur han også heng saman med lokale forhold.

– Det var nok litt protestval. Mange var opptekne av striden mellom bygdene Øvre Årdal og Årdalstangen om kor ulike tilbod skulle vere og om ein skulle ha to av alt.

Jevnaker har likevel lite tru på at Ap skal klare å komme tilbake til gamle høgder i Årdal med oppslutnad på 70–80 prosent.

– Men eg håpar og trur at vi skal gjere eit godt val, seier tillitsmannen ved Norsun.