Hopp til innhold

Raudt krev hastemøte etter at dansk verft fekk anbodet på norsk båt

Raudt vil annullere avtalen etter at fylkeskommunen sende kontrakt på 100 millionar til Danmark. – Heilt uaktuelt, svarer fylkesordføraren.

Ulstein verft i Ulsteinvik

PRISEN: – Lokalsamfunnet, fagmiljøa og lærlingane betalar prisen for at anboda ikkje vektar samfunnspolitiske formål framfor pris, seier Jeanette Syversen, gruppeleiar for Raudt Vestland.

Foto: Halvard Alvik / NTB

– Fylkesordføraren bør straks kalle inn til hastemøte for å stansa denne utflagginga før kontraktar er underteikna, seier Jeanette Syversen, gruppeleiar for Raudt Vestland.

Fylkesordføraren er Jon Askeland frå Senterpartiet, og fylket er Vestland.

Bakgrunnen er at Vestland fylkeskommune i førre veke gav ein kontrakt verdt 100 millionar til eit dansk verft.

Skipet som skal byggjast heiter «Skulebas» og skal vere opplæringsfartøy ved den vidaregåande skulen i Måløy.

Ein oversikt NRK har laga viser at staten og fylkeskommunane har tinga 14 skip i utlandet sidan 2017.

Gruppeleiaren i Raudt kallar avgjerda om å sende oppdraget til Danmark for «ein skandale».

– Lokalsamfunnet, fagmiljøa og lærlingane betalar prisen for at anboda ikkje vektar samfunnspolitiske formål framfor pris. Det offentlege skal sikre lokal verksemd, og då må vi vere herre i eiga hus, seier ho.

Ulstein verft

ULSTEIN VERFT: I juni la Menon Economics fram ein rapport om norsk verftsindustri på oppdrag av Nærings- og fiskeridepartementet.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Sjølvsagt uaktuelt å gjere

Fylkesordførar Askeland seier det ikkje er grunnlag for å innkalle til «hastemøte» eller reversere ein avtale som allereie er inngått.

– Det er sjølvsagt uaktuelt å gjera, seier han.

– Fylkeskommunen pliktar å følgja lov om offentlege anskaffingar. Som EØS-medlem kan ikkje offentlege aktørar avgrense innkjøpa til berre å gjelde norske aktørar. Dette er det solid rettspraksis for.

Noreg er underlagt EØS sitt regleverk for offentlege anskaffingar. Eit springande punkt i debatten er kor rigid dette regelverket er.

I juni tinga Noregs arktiske universitet eit nytt kystfartøy til 80 millionar.

Båten vert levert av Vaagland Båtbyggeri AS, eit av verfta som tapte konkurransen om «Skulebas».

– Det skal svært tunge grunnar til å prioritere norske verft, seier Ola Honningdal Grytten, professor ved NHH.

Rosenberg verft i Stavanger

ROSENBERG VERFT: – Oljenæringa er på hell. Kvar endar vi med arbeidsplassane på kysten dersom ikkje eingong det offentlege kan prioritere norske verft?, seier Geir Oldeide i Raudt.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Ber regjeringa greie ut handlingsrommet

I eit brev til Nærings- og fiskeridepartementet ber Fellesforbundet om at regjeringa «greier ut handlingsrommet i og utanfor EØS».

Jørn Th. Prangerød i Fellesforbundet meiner løysinga kan vere å vekte utlysingskriteria annleis – og slik «hjelpe» norske verft til å vinne fram.

Utspelet til Raudt har han mindre til over for.

– Du må gjere heimeleksa di på førehand, før du lyser ut anbodet og ikkje kome etterpå å omgjere vedtak du ikkje liker.

Asle Strønen er direktør i bransjeforeininga Norske Skipsverft.

– Det er ugreitt at desse oppdraga går til utlandet, seier han.

Han legg til at norske innkjøparar «gøymer seg bak regler utan å undersøke handlingsrommet», og at dette «illustrerer ei defensiv og lite samfunnsbyggjande tilnærming til offentlege innkjøp».

Jostein Fjærestad er eigedomssjef i Vestland fylkeskommune, og den som svarer for kontraheringen av undervisningsfartøyet «Skulebas».

Han seier at fylkeskommunen ynskjer å støtte lokalt næringsliv, men at dei har «avgrense moglegheiter» under regelverket for offentlege anskaffingar.

Kleven Verft i Ulstein.

KLEVEN VERFT: Eit gamalt ordtak langs kysten seier at kvar jobb på verftet skaper fem andre jobbar i omlandet.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

– Lett å forstå frustrasjonen

Tore Storehaug er stortingsrepresentant for KrF.

– Det er lett å forstå frustrasjonen som er knytt til døma som kjem fram. Norske verft er langt framme på både kvalitet og bruk av lærlingar, seier han.

Han trur både fylket og staten «kan bli endå betre til å nytte det handlingsrommet vi har».

– Når ein snakkar med aktørane som er med i anboda, er dei tydelege på at det er kostbart og tidkrevjande å delta i rundane. Då er det viktig at vi har dialog i utforminga slik at konkurransane bidreg til kostnadseffektive og riktige løysingar.

NRK har vore i kontakt med departementet.

– Det er ikkje naturleg å kommentere sakshandsaminga i innkjøpet til ein fylkeskommune, seier Yngve Angvik i Nærings- og fiskeridepartementet.