Men akkurat det skjedde under ein fotballkamp i Luster sist veke.
- Dommaren dømde feil!
Arvid Heggestad har aldri fått verken gult eller raudt kort som fotballspelar. Men i 6. divisjonsoppgjeret mellom Veitastrond og Lærdal sist veke fekk han for første gong i sitt 51 år lange fotball-liv merke dommaren sin vreide - og det som linjemann.
- Dommaren dømde innkast til Lærdal. Det meinte eg var feil dømt, og eg ropte til dommaren at han måtte skjerpe seg, fortel Heggestad.
- Uvanleg
At dommaren viser ut linjemannen er langt frå kvardagskost, skal vi trur Torstein Kvam i dommarkomiteen i Sogn og Fjordane fotballkrets.
- Det har eg nesten ikkje høyrt om før, seier Kvam.
- Blanda seg inn
Linjemenn i sjettedivisjon skal berre bruke flagget når det er innkast. Ein enkel jobb i utgangspunktet, men hovuddommaren i kampen mellom Veitastrond og Lærdal, Kjetil Stautland, møtte ein kranglevoren linjemann. Og difor hadde ikkje han noko anna val enn å regelrett vise han ut.
- Han blanda seg inn og klaga på at eg dømde for mykje til Lærdal, og eg kunne ikkje ha ein slik mann på linja, seier Stautland.
Og for ordens skuld; Veitastrond tapte 5-2!