Hopp til innhold

Dette kortet sette fyr på kampen

LILLESTRØM - SOGNDAL: 1-2: Den første timen av kampen må nesten kunne skildrast som kjedeleg. Iallfall samanlikna med siste halvtimen, der eit raudt kort var starten på ikkje mindre enn tre mål på knappe ti minutt.

Raudt kort til Frode Kippe i kampen mot Sogndal

RAUDT KORTET: Det raude kortet til Lillestrøm-kaptein Frode Kippe vart starten på ti intense minutt på Åråsen stadion.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Med nedrykkskniven på strupen hadde vertane mykje å spele om på Åråsen søndag ettermiddag. Men gjestane frå Sogndal var minst like sugne på poeng. Dei kvitkledde gjekk inn i kampen vel vitande om at dei med tre poeng kunne sikre plassen i eliteserien.

Du kan lese heile kampreferatet i botnen av saka.

Vertane best frå start

Og det starta best for dei nedrykkstruga i gult. Sogndal kom delvis inn i det utover i første omgang, men vertane var likevel det styrande laget.

Laga gjekk til pause med 0-0, etter 45 minutt der Sogndal hadde skapt lite, medan både Tomas Malec og Bassel Jradi noterte seg for skot i treverket for vertsklubben.

Etter eit kvarter i garderoben fekk gjestane frå saftbygda ein litt betre start på andre omgang, men også då var det Lillestrøm som dominerte.

Lillestrøm-Sogndal: Gilbert Koomson (Sogndal) i aksjon mot Ifeanyi Mathew (t.v)

MÅLSKÅRARAR: Gilbert Koomson (i kvitt) og Ifeanyi Matthew (i gult) noterte seg begge på skåringslista. Her i ein duell tidleg i kampen.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Tre mål på rappen

63 minutt endra kampen seg ut betydeleg. Sogndal sin Martin Ramsland vart dregen ned av Frode Kippe inne i boksen. Medan Sogndal fekk straffe, måtte Kippe gå i garderoben med raudt kort.

Gilbert Komsoon sette straffa knallhardt til venstre, 1-0-leiing til gjestane. Men jubelen fekk knapt lagt seg før vertane med Ifeanyi Matthew utlikna. Frå nesten 19 meter klinka spelaren med nummer 6 på brystet ballen i mål i det 69. speleminuttet.

Sogndal rakk ikkje å henge lenge med hovudet. Berre tre minutt seinare lukkast Ole Amund Sveen med å nikke ballen i nettmaskene, 2–1 til gjesta frå saftbygda.

Mykje rom for Sogndal

Martin Ramsland under kampen Lillestrøm-Sogndal

NEDTUR VART TIL OPPTUR: Martin Ramsland lukkast ikkje med innlegget sitt i starten av første omgang. Kort tid seinare var det etter ein duell med Ramsland at LSK sin kaptein måtte takke for seg.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Kampen som starta trått for begge lag fekk dermed ei eksplosiv utvikling. På knappe ti minutt kom både straffe, raudt kort og tre skåringar.

Etter dette vart det mykje rom for Sogndal, utan at dei heilt klarte å nytte seg av det. Lillestrøm gav seg ikkje og heldt presset oppe.

Dei siste minutta på overtid skjedde meir eller mindre alt framfor målet til Sogndal, men vertslaget greidde ikkje å sette ballen i nettmaskene.

Etter 94 minutt kunne Sogndal-spelarane endeleg kaste seg over kvarandre og juble for tre viktige poeng. Med tre poeng klarte Sogndal det Eirik Bakke hadde håpa på før kampen, nemleg å roe nervane til tilhengarane.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..