Hopp til innhold

Raudt fossar fram på vestlandskysten

For drygt 30 år sidan vart sperregrensa innført. Sidan har ingen «nye» parti komme over. Men no ligg Raudt an til å gjere det.

16. november køyrde ein bil utfor ein kai og hamna i sjøen i Kalvåg i Bremanger.

RAUD KYST: I Bremanger kommune har Raudt mangedobla oppslutninga.

Foto: Alf-Haakon Harlem

– No byrjar ei ny epoke, sa leiar i partiet, Bjørnar Moxnes då valprognosane blei klare.

I tillegg til høg oppslutning i storbyane ser partiet ut til å bli den store vinnaren også på delar av vestlandskysten.

– Dette tyder at folk er sterkt imot vindkraftverk og rasering av naturen, og at de ønsker ein aktiv statleg styring av kraftindustrien, seier Jeanette Syversen, som er gruppeleiar for Raudt i Vestland.

I Bremanger kommune har partiet mangedobla oppslutninga.

I industristaden Høyanger får partiet 8,9 prosent.

Stortingsvalg 2021. Valgvake for Rødt

NY TID: – No byrjar ei ny epoke, sa leiar i partiet, Bjørnar Moxnes då valprognosane blei klare.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Vi vil vere ei kraft til venstre i politikken for å presse den nye raudgrøne regjeringa mot venstre. Det har gitt gjenklang, seier stortingskandidat for Raudt i Sogn og Fjordane, Geir Oldeide.

I heimkommunen hans Kinn ser partiet ut til å tredoble oppslutninga.

Også i industrikommunen Ullensvang gjer partiet det godt.

– Det kan bli noregsrekord for Raudt, seier Raudt-politikar i Ullensvang, Terje Kollbotn.

Raudt har aldri vore på tinget for Rogaland. No ser det ut til at Mímir Kristjánsson vil ta turen til Oslo for å representere oljefylket.

– Det betyr at vi har moglegheit til å legge trykk på mykje meir radikal politikk enn vi har hatt, seier Mimir Kristjánsson.

Mykje tyder på at partiet gjer det godt der motstanden mot vindkraft har vore sterk. Raudt er det einaste partiet som har vore motstandar av all vindkraft – både til land og til havs.

– Eg trur vindkraft og industripolitikk er stikkord. Vi har vore veldig klare på at vi treng krafta her i landet, seier Oldeide.

Partioppslutning: Kinn

PartiOppslutningEndring fra 2017
AP
0.0%
0.0
BLANKE
0.0%
0.0
DEM
0.0%
0.0
FI
0.0%
0.0
FNB
0.0%
0.0
FRP
0.0%
0.0
GENE
0.0%
0.0
GT
0.0%
0.0
H
0.0%
0.0
Oppslutning

I Kristiansund har partiet meir enn dobla oppslutninga.

– Det sterkaste kortet vi har hatt over fleire år er sjukehussaka. Vi har stått konsekvent på at vi skal ha fire lokalsjukehus i Møre og Romsdal, seier førstekandidat for Raudt i Møre og Romsdal, Stein Kristiansen.

Vil ikkje at Arbeidarpartiet skal køyre slalåm

– Det blir jo ei ny regjering, det er eg helt sikker på. Men eg håper Rødt blir sterkare, og at dei borgarlege sentrumspartia vert svakare, seier Sofie Marhaug, som er listetopp for Raudt i Hordaland.

Ho legg til:

– Eg vil ikkje at Arbeidarpartiet skal køyre slalåm på Stortinget og søke samarbeid med KrF og Venstre.

Ap-leder Jonas Gahr Støre har gjentatte gongar under valkampen sagt at dei politiske forskjellane er for store til å innleie et regjeringssamarbeid med Raudt.

Ein invitt Raudt har kvittert med at dei uansett ikkje er interesserte i.

Frå talarstolen opna likevel Moxnes døra for ein annan type samarbeid:

– Dette er venstresida sitt val. Støre og Vedum, vi er klare for samarbeid, Raudt vil forandre Noreg, så kom til oss, så skal vi lage veg i vellinga. Nå skal vi saman skape eit vendepunkt i kampen mot Forskjells-Noreg.

Partioppslutning: Norge

PartiOppslutningEndring fra 2017
AP
0.0%
0.0
BLANKE
0.0%
0.0
DEM
0.0%
0.0
FI
0.0%
0.0
FNB
0.0%
0.0
FRP
0.0%
0.0
GENE
0.0%
0.0
GT
0.0%
0.0
H
0.0%
0.0
Oppslutning
Jonas Gahr Støre

NEI: Ap-leder Jonas Gahr Støre har gjentatte gonger under valkampen sagt at dei politiske forskjellane er for store til å innleie et regjeringssamarbeid med Rødt.

Foto: Cicilie S. Andersen / NRK