Stor snøskredfare: – Skred kan losne av seg sjølv

Eit vêromslag kombinert med store nedbørsmengder får snøskredvarselet til å lyse raudt på Vestlandet og i Trøndelag.

Finse 20190301. Redningsarbeidere fra Røde Kors søker etter syv personer i et skred på Finsefjellet. Dette er en del av Finsekurset arrangert av Røde Kors i samarbeid med Politi og Norske Redningshunder. Skredøvelsen regnes som Norges største.

SKREDØVING: Dette bilete er frå Finse i fjor då Røde Kors arrangerte den største skredøvinga i Noreg.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– Det er ikkje dagen for å gå tur i bratt terreng, seier Tommy Skårholmen som er vaktleiar ved skredvarslinga til NVE.

I Indre Fjordane, Sunnmøre, Romsdal, Trollheimen og i Trøndelag er det venta stor skredfare frå og med onsdag. Raudt farevarsel er sendt ut for alle områda.

– I fjellet vil kraftig vind og snøvêr føre til pålagring av fokksnø i leområde. Det gjer at store skred kan losne av seg sjølv. Temperaturstigning gjer at snødekket blir mindre stabilt, og ein får ei tilleggsbelastning med regn på snødekket under mildvêrsgrensa, seier Skårholmen.

Dårleg sikt i fjellet

Skårholmen oppmodar dei som ferdast i fjellet om å halde god avstand til bratt terreng, altså hellingar over 30 grader.

– Skal ein ut på tur bør ein planlegge å gå stader der ein ikkje risikerer å bevege seg inn i skredterreng, om ein til dømes skulle navigere feil. For vêret medfører også svært dårleg sikt i fjellet, presiserer Skårholmen.

Når farevarselet når nivå fire, gir det også utslag i låglandet.

– Faregrad fire indikerer stor snøskredfare. Der det er eit kjent problem kan vegar og infrastruktur også vere utsett for skred.

Raudt farevarsel snøskred

LYSER RAUDT: Raudt varsel betyr farenivå 4. Fleire område i Noreg har fått denne varslinga onsdag.

Foto: Skjermdump / varsom.no

Få pausar frå regnvêret

Statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid seier at opphaldsvêret og solgløtten tysdag, ser ut til å vere bli unntaket frå varselet dei næraste dagane.

Onsdag bur ein seg på ei omlegging i vêret.

– Me får tungt skydekke og regn, med 15–30 mm nedbør i løpet av onsdagen. Snøgrensa er venta å ligge ganske høgt, mellom 1000 og 1200 meter. Torsdag er det venta overskya vêr, men noko mindre regn.

Laster Twitter-innhold

Vêrvindauge fredag

Fredag kan me igjen vente oss litt finvêr mellom to lågtrykk.

– Det ser ut til å bli ein dag med lite vind og skyer, periodar med sol og 5–6 grader. Før det i helga igjen er venta lågtrykk og vind som pregar vêrsituasjonen. Søndag er det venta kraftig sønnavind, og mest truleg storm langs kysten.

– Det ser ut til at det er nedbør og vind, som har prega mykje av vinteren, som blir å sjå i dagane framover. Finvêret tysdag og fredag blir nok unntaket, seier Fagerlid.

Vanskelegare å vurdere isen

Til no i år har vinteren i Noreg vore uvanleg mild og våt.

– Mykje snø og regn om kvarandre gjer at isen byggjer seg opp i fleire lag, og blir vanskeleg å vurdere. Difor seier ein at ein bør over 700 meter for å kunne ferdast relativt trygt på mindre vatn, seier isvarslar Ånund Kvambekk hjå NVE.

Han presiserer likevel at alle vatn kan ha utrygge parti, der vatn strøymer under isen.